Tallforståelse og regnetrening 3.-4. trinn
L97: Tall
L06: Tall
Lengde: 7.44
Se film: Stor
(50 Mb) | Liten
(33 Mb)
Last ned film: Klikk høyre musetast og velg "Lagre mål
som...".
Lærer: Janne Fauskanger, universitetslektor, Universitetet i Stavanger
Lura skole, Sandnes
Rekneverkstad er eit undervisningsopplegg som tek sikte på
å trena addisjon og subtraksjon på ein inspirerande måte.
Målet er at elevane skal automatisera addisjons- og subtraksjonstabellen.
Undervisningsopplegget er organisert etter stasjonsprinsippet og gjev
gode høve for individuell tilpassing. Somme av oppgåvene
er mest som spel å rekna, og gjev elevane høve til både
problemløysing og drill av addisjon og subtraksjon.
10-12 min er passe tid å bruka på kvar post. Første
gongen elevane gjennomfører opplegget tek det kanskje litt lengre
tid. Det er lurt å ha like lang tid på kvar post og bruka
ringeklokke for å markera skifte.
Post 1:
Den tause posten. Elevane skriv reknestykke og svar på ryggen til
kvarandre. Oppgåvene finst i tre ulike boksar med ulik vanskegrad.
Post 2:
Trill to eller fleire terningar og finn differansen. Her er det viktig
å ha tilgjengeleg ulike terningar; tisidige, tolvsidige m.fl.
Post 3:
Gjett kva terningane viser. Den eine seier summen av to eller fleire terningar.
Den andre gjettar talauge på terningane.
Post 4:
Svaret er? Skriv ned addisjons- og subtraksjonsstykke som passar med svaret.
Svaret finst i tre ulike boksar med ulik vanskegrad.
Post 5:
Først til 50. Differansen på terningane avgjer kor langt
du kan flytta knappen.
Fullstendig oppgåvetekst til
dei ulike stasjonane.
Spørsmål til diskusjon
Kva fordelar kan oppgåvetypane og organiseringa i Rekneverkstad
ha?
På kva andre områder i matematikk kan organiseringa og tankegangen
bak Rekneverkstad vera nyttig?
Læremateriell
Terningar, linjal, knappar. Oppgåvekort med ulik vanskegrad. Tallinje
frå 0 til 100.
Kontaktinfo
Lura skole, Lerkeveien 9, 4314 Sandnes
Tlf: 51 67 75 37
Internett: www.sandnes.kommune.no/skole/lura
Problemløsning og undersøkelse
- 1.-2. | Tallforståelse
og regnetrening - 1.-2. | Diskusjonsinnspill
om faget
Problemløsning og undersøkelse
- 3.-4. | Tallforståelse
og regnetrening - 3.-4. | DVD
1 | DVD
2 | VHS
Ansvarlige produsenter og utgivere: www.bro.no www.snoball.no
