Tallforståelse og regnetrening 3.-4. trinn
L97: Tall
L06: Tall
Lengde: 1.25
Se film: Stor
(9 Mb) | Liten
(6 Mb)
Last ned film: Klikk høyre musetast og velg "Lagre mål
som...".
Lærer: Anne-Britt Hanssen
Presterød skole, Tønsberg
Denne filmen syner nokre døme på korleis ein kan trena hovudrekning.
Øvingane som vert vist fram, fungerer også som start av matematikktimen.
Lærer Anne-Britt Hanssen meiner slike øvingar i hovudrekning
er bra, fordi;
1) dei aukar elevane sin konsentrasjon.
2) dei aukar reknedugleiken. Ved å rekna i hovudet vert elevane
i større grad trygge på kva dei kan. Dessutan frigjer dei
seg kanskje meir frå kalkulatoren.
3) dei aukar den matematiske innsikta. Korleis kan du på ein
enkel måte addera til dømes 27 og 25. Korleis er det lurt
å rekna?
4) dei betrar elevane si evne til å rekna overslag. Når
elevane seinare byrjar med kalkulator eller kjem borti vanskelege reknestykke
der svaret ikkje er opplagt, så kan det vera greit å vera
kjapp i hovuderekning.
5) dei gjer at du lettare oppdagar reknefeil. Det stemmer
ikkje at 51 x 95 = 462, når 50 x 100 =
5000.
Spørsmål til diskusjon
Kvifor bør elevane læra seg hovudrekning?
Kva er veleigna teknikkar for å øva seg i hovudrekning?
På kva for matematiske område kjem hovudrekning til nytte?
Kontaktinfo
Presterød skole, Postboks 34, 3150 Tolvsrød
Tlf: 33 34 84 30
Internett: www.skole.tonsberg.kommune.no/prestrod
Problemløsning og undersøkelse
- 1.-2. | Tallforståelse
og regnetrening - 1.-2. | Diskusjonsinnspill
om faget
Problemløsning og undersøkelse
- 3.-4. | Tallforståelse
og regnetrening - 3.-4. | DVD
1 | DVD
2 | VHS
Ansvarlige produsenter og utgivere: www.bro.no www.snoball.no
