Problemløsning og undersøkelse 3.-4. trinn
L97: Rom og form
L06: Geometri
Lengde: 7.01
Se film: Stor
(45 Mb) | Liten
(30 Mb)
Last ned film: Klikk høyre musetast og velg "Lagre mål
som...".
Lærer: Doris Nessa Hetland og Anne Marie Bjerke
Solås skole, Gjesdal
Gjennom arbeidet med Drageverkstad skal elevane gjera praktiske
erfaringar med spegling. Dei skal òg gjera seg kjende med geometriske
former som sirklar, firkantar og mangekantar.
Undervisningsopplegget har fleire føremoner; Å laga drage
er ein aktivitet som alle elevar meistrar, og som verkar meiningsfull
for dei. Elevane vert motiverte av at aktiviteten endar opp i eit produkt,
og at dei får testa dragane sine ut til slutt.
Elevane får samstundes øving i å følgja ein
instruksjon. Her er framgangsmåten:
• Brett arket dobbelt.
• Brett slik at dragen får vengjer. Brett den eine sida
litt på skrå. Snu dragen, og gjer det same på motsett
side.
• Teip på langs.
• Teip på blomsterpinnen på tvers av heile dragen.
• Klipp opp strimlar av plastposar som skal stiftast fast bak
på dragen som hale.
• Mål opp fem armlengder med hyssing. Denne skal festast
i eit hol som er laga med holmaskin på dragen. Denne hyssingen surrast
opp på ein pappbit.
• Lag mønster av geometriske figurar på den eine
siden av dragen. Bruk spegelen og sjå korleis mønsteret blir
sjåande ut på den andre sida. Lag eit likt mønster
der.
Eit praktisk tips er at det bør vera ein del vaksne tilgjengelege
når dragen skal lagast. Det går også an å dela
opp drageverkstaden slik at han går over fleire dagar.
Meir om opplegget.
Spørsmål til diskusjon
Kva kan elevane lære av slike praktiske aktivitetar som drageverkstad?
Korleis kan dette undervisningsopplegget utvidast?
Læremateriell
A3- ark, brei blank teip (om lag 5 cm), plastposar, hyssing, papp til
å snurra hyssingen rundt, spegl og fargar.
Kontaktinfo
Solås skole, Åfaret 4, 4330 Ålgård
Tlf: 51 61 15 30
Internett: http://217.68.97.86/skole/solas
Problemløsning og undersøkelse
- 1.-2. | Tallforståelse
og regnetrening - 1.-2. | Diskusjonsinnspill
om faget
Problemløsning og undersøkelse
- 3.-4. | Tallforståelse
og regnetrening - 3.-4. | DVD
1 | DVD
2 | VHS
Ansvarlige produsenter og utgivere: www.bro.no www.snoball.no
