Nynorsk som sidemål

Last ned tekstheftet

Ressurspakka i praksis: nynorsk som sidemål er ei samling med over 20 kortfilmar. Filmane syner undervisningspraksis som er fagleg solid og som engasjerer elevane.

Målet er å inspirere lærarar og lærarstudentar til å diskutere fagdidaktikk og til å tenkje nytt om undervisninga i sidemål. Materiellet skal kunne brukast på seksjonsmøte, fagdagar, i lærerteamet og til sjølvstudium.

Kvar film dokumenterer eit konkret undervisningsopplegg med didaktiske tips og meir overbyggjande idear rundt faget. Døma er henta frå vanlege klassar i Trondheim, Stavanger, Aremark, Nesodden, Bærum og Oslo. Samla gjev ressurspakka ein statusrapport om korleis ein kan praktisere faget på ein god måte overfor elevane.

Serien er utvida (mars 2013) med ein ny film om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheitar kopla med det å ha nynorsk lærebok i eit anna fag enn norsk. Dømet er henta frå Stavanger katedralskole.


skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss:

Creative Commons-lisens