Lesing som grunnleggjande ferdigheit
Lærarar:
Helen Hellvik, Bryne barneskule, Bryne
Dag Bjørkedal, Klepp ungdomsskule, Klepp
Annika Roalkvam, Bryne vidaregåande skule, Bryne
4. trinn, 10. trinn, Vg2
35.10 min
Høgreklikk og last ned film
Delar av filmen
Lesing er ein samansett og kompleks prosess som i hovudsak handlar om å vera aktiv i høve til lesinga. Denne filmen fokuserer nettopp på ulike sider ved det å lesa, alt frå engasjement i høve til tekst, til avkoding og forståing. Læraren spelar ei viktig rolle som leserettleiar i alle fag. Filmen viser praktisk arbeid med lesing og tekst i RLE-faget på 4. trinn, samfunnsfag, naturfag og matematikk på 10. trinn, og samfunnsfag på 2. trinn i vidaregåande,studiespesialisert retning.
Spørsmål til diskusjon
- Denne filmen viser nokre utvalde undervisningsmåtar i utvalde fag. Kva for andre undervisningsmåtar kjenner du til som kan skapa engasjement, utvikla språk, hjelpa avkoding og forståing og bidra til at lesinga blir brukt til noko i akkurat det faget du underviser i?
- Korleis kan ein gjera lesinga meir meiningsfull og setja lesinga inn i meiningsfulle samanhengar?
- Det er viktig å reflektera over og snakka om lest tekst. Korleis kan ein leggja undervisninga slik til rette at den opnar for elevane sine refleksjonar kring tekst i akkurat ditt fag?
