Om i praksis

Ressurspakka i praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen skal inspirere lærarar til å tenkje nytt rundt eigen undervisnings-praksis. Målet er at ressurspakka skal vere eit hjelpemiddel til fleksibel internopplæring og kompetanseheving i skulen.

Målgruppa for filmane er norsklærarar i grunnskulen og lærarstudentar. Filmane skal kunne brukast på fagdagar eller i fagseksjonen, internt i lærarteamet eller til sjølvstudium, i kurssamanheng og i fagdidaktikk på lærarutdanninga.

i praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen er:

  • 23 kortfilmar samla på ei DVD-plate
  • eit teksthefte med presentasjonar av alle undervisningsopplegga og forslag til diskusjonsspørsmål
  • som kan nyttast i etterarbeidet med filmane
  • ein nettstad, www.skuleipraksis.no, der alle elementa i pakka er lagde ut til fri bruk

Kvar film dokumenterer eit konkret undervisningsopplegg i sidemål. Læraren vert intervjua og gjev didaktiske innspel og praktiske råd. Undervisningsopplegga er filma på skular i Trondheim, Stavanger, Aremark, Nesodden, Bærum og Oslo. Samla gjev ressurspakka ulike innfallsvinklar til korleis ein kan undervise i nynorsk som sidemål på ein variert og fagleg solid måte.

Alle filmane kan fritt lastast ned frå www.skuleipraksis.no. Det er lett å ta ut delar av filmane til bruk i PowerPoint-presentasjonar. På side 50 finn du ei rettleiing om korleis du kan gjere dette på ein enkel måte.

Vi har valt å fokusere på læraren og korleis læraren arbeider med elevane og fagstoffet. Å demonstrere grundig lærarhandverk og å syne fram ulike læringsstrategiar er gjennomgåande i filmane. Ønsket er å syne praktisk metodikk og didaktikk på ein måte som kan ha direkte overføringsverdi til klasserommet.

Stikkorda er:

  • læraren som pedagogisk leiar
  • den lærarinitierte prosessen i elevgruppa
  • den faglege samtalen med elevane
  • systematisk og variert arbeid med grunnleggjande ferdigheiter
  • stimulering av elevane sine eigne læringsstrategiar
  • gode didaktiske, metodiske og praktiske grep

Undervisningsopplegga i ressurspakka er tufta på kompetanse-måla i Kunnskapsløftet. Det er ei breidd i ressurspakka både når det gjeld emne, teksttypar og undervisningsmetodar. Mellom anna er det undervisningsopplegg som kombinerer noveller med dramaøvingar, det er sjangerbyte frå novelle til teikneserie, vi får sjå korleis to vennskapsklassar arbeider med eit sams skriveprosjekt, det er korte skrive- og grammatikkopplegg og det er lengre opplegg som syner prosesskriving og bruk av mappemetodikk.

skoleipraksis drives av WordPress

Creative Commons License

Dette verk er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge lisens.