Kunnskapsløftet
Det har vore særleg viktig i filmprosjektet å gje døme på korleis elevar kan arbeide med nynorsk på 1.–7. trinn. Dette gjeld både lesing og skriving. Etter Kunnskapsløftet skal elevane eksperimentere med å skrive nynorsk på barnesteget. Dei skal også ha samanlikna munnleg og skriftleg språk, både nynorsk og bokmål. Elles viser filmane frå Våland skole korleis nynorskopplæringa kan koplast med språkleik og litteraturundervisning for elevar på 1.–4. trinn.
Gjennom innføringa av Kunnskapsløftet har norskplanen fått det nye hovudområdet samansette tekstar. I filmane får vi sjå døme på arbeid med samansette tekstar både på 3.–4. trinn, 5.–7. trinn og 8.–10. trinn. Det er òg fleire praktiske døme i filmane på korleis elevane kan øve på grunnleggjande ferdigheiter i norskfaget. Når det gjeld den digitale kompetansen, får vi mellom anna sjå bruk av IKT til å lage reklamar på nynorsk, til å skrive tekstar og som verkty for systematisk respons.
Eit gjennomgåande trekk i filmane er at nynorskopplæringa vert kopla med andre norskfaglege emne. Somme gonger ligg hovudvekta på ordtilfang og nynorsk rettskriving, andre gonger er til dømes sjangerlære det viktigaste, men då er tekstane elevane arbeider med, på nynorsk. Nynorske uttrykksmåtar og rettskriving er aldri det einaste elevane lærer i desse undervisningsopplegga.
i praksis og Kunnskapsløftet
I oversikta på høgre side er filmane sorterte etter trinn og hovudområde i læreplanen. Plasseringa av hovudområde er først og fremst rettleiande. Mange av opplegga femner vidt og streifar kompetansemål innanfor ulike hovudområde.
Hovudområde i norsk for 1.–7. trinn
Film Munnlege tekstar Skriftlege tekstar Samansette tekstar Språk og kultur
Vårdag med Veslemøy • • • •
Vindtrolli på Jæren • •
Å oppdage nynorsk • •
Tekst i bobler • •
Vi skriv dikt • • •
Hovudområde i Kunnskapsløftet - Filmar mest for 8. - 10. trinn og vidaregåande opplæring
Film Munnlege tekstar Skriftlege tekstar Samansette tekstar Språk og kultur
Mellom bakkar og berg • •
Nynorsk lærebok i KRL • •
På jakt etter substantiv •
Vi les lokalaviser • •
Vi skriv saman • •
Møte med Aasen • •
Reklame på nynorsk • •
Raude kyssemerke • •
Å slå opp med ei jente • •
Grammatikk og kortskriving •
Sjølvbiografi •
Lesesirkel • • •
Ordkjede •

