Vindtrolli på Jæren

1.–4. trinnVindtrolli på Jæren
Lærar: Lise Lunde Nilsen
Våland skole, Stavanger
Lengd: 14.52 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

 

I denne filmen får vi sjå korleis ei elevgruppe på 3. trinn ved Våland skole arbeider med tekstar frå Haugtussa av Arne Garborg. Elevane i filmen deltek i litteraturprosjektet Haugtussa som barnelitteratur, eit prosjekt som byrja då elevane tok til på 2. trinn, og som vert avslutta etter 4. trinn.

Undervisningsopplegget synleggjer målsetnaden i Kunnskapsløftet om at elevar tidleg i grunnskulen kan møte nynorsk og bokmål som jamstelte målformer. Andre viktige mål i litteraturprosjektet er at elevane skal «samtale om eit utval songar, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid på bokmål og nynorsk» og «uttrykkje tankar om språk, personar og handlingar i tekstar frå dagleglivet og i skjønnlitterære tekstar frå ulike tider og kulturar». (Kunnskapsløftet)

Elevane vert kjende med personane i Haugtussa gjennom song, skriving, teikning og språkleik med rim og regler. På denne måten nyttar læraren varierte metodar for at elevane skal koma på innsida av nasjonallitteraturen.

Vi får sjå at elevane arbeider med diktet Vindtrolli og øver på stemmebruk. Vintertrolla og sommartrolla har ulike lydar og stemmer. Korleis seier til dømes Vestan Havmann «Tsjuh-bu!», korleis er stemma til Sunnan Ljosalv når han seier «Sulilu», og korleis snakkar Veslemøy når ho ropar ut «Å, du sæle sumar»?

I alt har diktet Vindtrolli åtte vers. Elevane har arbeidd med eitt vers i veka, og kvart nytt vers er kopiert og limt inn i Haugtussa-boka, ei finbok der elevane dokumenterer arbeidet med Garborg-tekstane i form av teikningar og tekstar dei skriv sjølve.

Elevane les deretter opp dei ulike versa. Lesinga er førebudd, det vil seie at elevane har øvd på å lese teksten sin høgt både på skulen og heime. Dette gjer at elevane vert trygge i opplesingssituasjonar samstundes som dei vert ekstra godt kjende med teksten.

Øvingane i stemmebruk held fram med diktet Fuglar. I dette diktet vert ulike fuglar skildra i eitt vers kvar. Kva seier kråka? Kva seier linerla? Er fuglane glade, eller er dei triste? Elevane får øvd seg både i lydane som dei enkelte fuglane lagar, og i enkel tekstanalyse. Dessutan får elevane kjennskap til litterære verkemiddel som bokstavrim og alliterasjon.

Ei oppfølging av denne økta vil vere at elevane fordjupar seg i dei enkelte versa av Fuglar, og at dei har eit kort emnearbeid knytt til diktet. Då skal elevane lese og skrive faktatekstar om éin eller fleire av dei ulike fuglane som vert nemnde i diktet.

Spørsmål til diskusjon
Korleis vil du beskrive dette undervisningsopplegget?
Kva ville du ha kopiert og kva ville du ha gjort annleis om du skulle gjennomført eit liknande opplegg?
Kva læringsutbyte ser det ut til at elevane har av opplegget?
Kva språklege fordelar kan det ha at born møter nynorsk på 1.–4. trinn?

Les meir
Kortfatta rapportar om Haugtussa-prosjektet ved Våland skole: www.nynorsksenteret.no/haugtussa
Matre, Synnøve. 2005: «Dei yngste barna og nynorsken». I Anne S. Nordal (red.): Didaktiske perspektiv på nynorskopplæringa. Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda

skoleipraksis drives av WordPress

Creative Commons License

Dette verk er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge lisens.