Vi skriv dikt
5.–7. trinn
Lærar: Kristin Paulsen
Aremark skole, Aremark
Legnd: 16.36 min
Last ned: film / infoark
Målet med dette undervisningsopplegget er å gjere elevane meir medvitne om norsk språk gjennom ulike aktivitetar som samtale, lesing, lytting, skriving og teikning.
Undervisningsopplegget vert introdusert gjennom ein kort samtale om kva nynorsk er, og korleis ein kan sjå at noko er på nynorsk. Deretter får elevane ei lita tankenøtt: Kva om det ikkje fanst noko skriftspråk i Noreg? Korleis burde vi då lage eit nytt norsk skriftspråk som skulle vere felles for alle i landet vårt?
Bakgrunnen for denne innleiinga er at elevane ikkje hadde arbeidd med nynorsk på skulen tidlegare, og difor var det trong for å gjere elevane meir medvitne om kva nynorsk er. Etter denne samtalebaserte tilnærminga er det klart for arbeidet med dikt.
Elevane er organiserte i firargrupper. Kvar gruppe får utdelt eit dikt som dei les høgt saman i gruppa. Diktet har inga overskrift. Alle gruppene får ulike dikt. Diktet skal dei klippe i rader, radene vert lagde i ein konvolutt og leverte til nabogruppa. Når det gjeld kva dikt ein skal velje ut til denne aktiviteten, er det viktig at kvar linje i diktet gjev meining i seg sjølv. Dessutan er det truleg ein fordel om diktet er konkret og med tydeleg innhald.
Oppgåva til gruppene er å setje saman radene til eit nytt dikt. Dette er ein spennande prosess der elevane prøver seg med ulike variantar før dei bestemmer seg for korleis diktet deira skal vere. Dikta vert gjerne annleis enn originalversjonen av diktet, ein originalversjon som elevane ikkje kjenner.
Det nye diktet skal elevane skrive av og føre inn på ein farga plakat. I tillegg skal dei illustrere diktet og lage ei passande overskrift. Å skrive av diktet hjelper elevane til å bli medvitne om nynorske ord og vendingar. Det å illustrere og lage overskrift er kreative oppgåver som krev at elevane må tolke diktet.
Denne gongen arbeidde elevane med enkle og korte dikt. Seinare kan elevane gjere den same øvinga på nytt, men då med dikt som har litt lengre tekst og litt større vanskegrad. Dei kan òg gjere om dikt til teikneserie, eller dei kan skrive dikt på nynorsk sjølve.
Spørsmål til diskusjon
Kva lærer elevane i dette undervisningsopplegget?
Korleis kan arbeid med dikt gjere elevar meir medvitne om språk og språklege verkemiddel?
Korleis ville du ha gjennomført eit liknande undervisningsopplegg?
Korleis kan ein arbeide med nynorsk på 5.–7. trinn?
Ressursar
Kaldestad, Per Olav og Hanne Knutsen. 2006: Diktboka – om arbeid med poetiske tekstar i skolen. Oslo, Cappelen Akademisk
Dikt brukte i filmen:
Mary Bente Bringslid: Fotball, Arnt Birkedal: Gamle teikneseriar luktar, Oskar Stein Bjørlykke: Det er skuledag og Frå skulen med ranselen.

