Vi les lokalaviser
8.–10. trinn
Lærar: Elin Hardeland
Brannfjell skole, Oslo
Lengd: 12.41 min
Last ned: film / infoark
Målet med dette undervisningsopplegget er at elevane skal kombinere lesing av nynorske saktekstar med sjangerlære. Dei nynorske tekstane er henta frå lokalavisa Grannar i Hordaland, og tekstane på bokmål er henta frå lokalavisa der elevane bur, Nordstrands Blad. Elevane skal sjå nærare på dei tre sjangrane artikkel, lesarbrev og annonse.
Vi les lokalaviser er organisert som stasjonsundervisning. To grupper arbeider med artikkel, to grupper med lesarbrev og to grupper med annonse. I dei neste norsktimane vil gruppene rullere slik at alle elevane etter tre norskøkter har vore gjennom alle tre sjangrane. Det er ein fordel om elevane på førehand har gått gjennom typiske sjangertrekk i sjangrane dei skal undersøkje. Då vil undervisningsopplegget fungere som repetisjon og fordjuping i sjangrane.
På kvar stasjon skal elevane fylle ut eit skjema som læraren har laga. Elevane skal til dømes finne ut kvar det er vanleg at lesarbrev er plasserte i dei to avisene, dei skal samanlikne kva tema innsendarane skriv om, kva målform som vert nytta, og dei skal velje ut eitt lesarbrev frå kvar av avisene som dei skal kommentere grundig.
Når det gjeld sjangeren annonse, skal elevane undersøkje både plassering, målform og målgruppe for annonsane i dei to avisene. I tillegg må elevane uttale seg om korleis annonsane er illustrerte, og på kva måte bodskapen kjem fram i teksten. Såleis vert dette òg ei øving i å analysere samansette tekstar.
Dei gruppene som arbeider med artikkel, vel ein artikkel i Grannar som dei går nøye gjennom. Dei ser mellom anna på korleis artikkelen er bygd opp, dei vurderer om det er samsvar mellom ingress og brødtekst, og dei kommenterer omgrep og ord i teksten.
Samanlikninga av dei to avisene gjev òg høve til diskusjon av språkspørsmål. På kva måtar er dei to avisene like/ulike når det gjeld språk og innhald? Kvifor er det både bokmåls- og nynorskannonsar i Grannar? Kvifor er det ikkje nynorsk i Nordstrands Blad?
Til sist i økta summerer dei ulike gruppene opp kva dei har funne ut. Gruppene får også litt tid til å førebu seg til presentasjon. Dessutan vert kriteria for presentasjonen gått gjennom på førehand. Kriteria for presentasjonen er delt inn i formkriterium (snakke høgt og tydeleg, sjå på publikum osb.) og innhaldskriterium (halde seg til oppgåva, grunngje synspunkta osb.).
Spørsmål til diskusjon
Kva kunne du tenkje deg å kopiere i dette opplegget?
Kva ville du gjort annleis om du skulle gjennomføre eit liknande undervisningsopplegg?
Kva lærer elevane om nynorsk i dette undervisningsopplegget?
Korleis kan ein kombinere nynorskopplæring og sjangerlære?
Kva for skriveoppgåver kunne elevane fått etter å ha vore gjennom denne stasjonsundervisninga?
Ressursar
Dei fleste lokalaviser vil nok donere eit klassesett om dei vert spurde.
Større nynorske lokalaviser er mellom anna Firda, Grannar, Sogn Avis.
Større aviser som nyttar både bokmål og nynorsk, er: Bergens Tidende, Sunnmørsposten og Valdres.
Tekstbasen til Nynorsksenteret: www.nynorsksenteret.no/tekstbasen
Løvland, Anne. 2007: På mange måtar. Samansette tekstar i skolen. Oslo, Fagbokforlaget

