Vårdag med Veslemøy
1.–4. trinn
Lærar: Lise Lunde Nilsen
Våland skole, Stavanger
Lengd: 16.48 min
Last ned: film / infoark
Elevane som er med i denne filmen, har i to år arbeidd systematisk med tekstar frå Haugtussa av Arne Garborg. Haugtussa-prosjektet byrja då elevane var på 2. trinn, og det skal vare ut 4. trinn. Det er norsklærarane på skulen som står bak satsinga.
Mange av aktivitetane i prosjektet er knytte til karakteren Veslemøy og opplevingane hennar. Veslemøy veks opp på Jæren, ein stad elevane òg har vitja i samband med Haugtussa-prosjektet. I undervisningsopplegget vi får sjå i filmen, skal elevane skildre korleis ungjenta Veslemøy opplever ein vårdag. Slik er dette eit døme på at elevane tidleg kan eksperimentere med nynorsk skriving.
Kvifor er Veslemøy så glad denne vårdagen? Kva er det Veslemøy ser og sansar? Desse spørsmåla skal elevane prøve å svare på i eit tankekartskjema. Tankekartet er med på å systematisere dei assosiasjonane som elevane får, og gjev eit konkret grunnlag for den vidare skrivinga. Mange av elevane vel å innleie kvar ny setning med: Ho er så glad for …
Når læraren har godkjent utkastet i kladdeboka, kan elevane føre inn forteljinga si i Haugtussa-boka. Dette er ei skrivebok med stive permar, blank venstreside til illustrasjonar og ei høgreside med linjer. Boka fungerer som ein slags portefølje og inneheld alle tekstane og teikningane elevane har laga i samband med dette prosjektet.
Elevane har tidlegare illustrert både eigne tekstar og originaltekstar frå Haugtussa. Også Vårdag med Veslemøy-teksten skal illustrerast. På denne måten får elevane trening i å tenkje samspel mellom illustrasjon og tekst, med andre ord øving i å lage samansette tekstar.
Spørsmål til diskusjon
Kva syntest du var bra ved dette undervisningsopplegget?
Korleis kan dei yngste borna arbeide med nynorsk?
Når bør elevar på barnetrinnet byrje å skrive nynorsk?
Kva språklege fordelar kan det ha at born med bokmål som opplæringsmål arbeider med nynorsk på 1.–4. trinn?
Les meir
Kortfatta rapportar om Haugtussa-prosjektet ved Våland skole: www.nynorsksenteret.no/haugtussa
Matre, Synnøve. 2005: «Dei yngste barna og nynorsken». I Anne S. Nordal (red.): Didaktiske perspektiv på nynorskopplæringa. Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda

