Tekst i bobler
5.–7. trinn
Lærar: Kristin Paulsen
Aremark skole, Aremark
Lengd: 13.29 min
Last ned: film / infoark
I undervisningsopplegget Tekst i bobler vert nynorsk tekstskaping kombinert med samansette tekstar. Elevane får ulike teikneseriar frå Norsk Barneblad der teksten i originalboblene er retusjert bort. Oppgåva til elevane er å lage ei meiningsfull forteljing ved å skrive inn ny tekst på nynorsk. For at det skal bli litt lettare å skrive inn teksten, er teikneseriane kopierte over på A3-ark.
Det er fyrste gongen elevane i denne gruppa skal skrive nynorsk, og slik er dette ei overkomeleg og morosam byrjing på nynorskskrivinga. Teikneserie er ein sjanger som dei fleste elevar kjenner godt. Dei veit at teikneseriar ofte har lite tekst, at bilete og tekst utfyller kvarandre, og at det er heilskapen som skapar forteljinga.
Før elevane tek til med sjølve skriveaktiviteten, er det ein felles gjennomgang der elevane og læraren snakkar om samansette tekstar og teikneseriar. Denne samtalen er med på å førebu elevane til det dei skal gjera, samstundes som han er med på å gjere elevane meir medvitne om teikneserie som sjanger.
Elevane arbeider to og to når dei skal skrive ny tekst i dei tomme teikneserieboblene. Teksten i den fyrste ruta er ikkje teken vekk, og på den måten får elevane litt hjelp i byrjinga. I denne oppgåva bruker elevane ikkje ordliste. Føremålet er at dei skal aktivisere førehandskunnskapane sine i nynorsk. Kanskje kan elevane meir nynorsk enn dei trur?
Etter at elevane er ferdige med å skrive ny tekst, les to og to par tekstane sine høgt for kvarandre. Sjølv om utgangspunktet er likt, kan forteljingane bli ganske så ulike! Dei ferdige teikneseriane vert hengde opp på veggen i undervisningsrommet som ei utstilling.
Ei oppfølging av dette undervisningsopplegget kan vere at elevane lagar sine eigne teikneseriar. Utgangspunktet kan til dømes vere ei felles overskrift eller eit bestemt tema. Ein annan vri kan vere å gjere om ein nynorsk songtekst eller eit dikt til teikneserie. Det viktige er at skriveoppgåvene ikkje er for omfattande, og at elevane tidleg vert utfordra til å prøve å skrive på nynorsk.
Spørsmål til diskusjon
Kva likte du ved dette opplegget?
Korleis ville du ha lagt opp eit liknande undervisningsopplegg med dine elevar?
På kva måtar kan arbeidet med samansette tekstar koplast med skriving på nynorsk?
Korleis vil du leggje opp ei systematisk nynorskopplæring på 5.–7. trinn?
Ressursar
Løvland, Anne. 2007: På mange måtar. Samansette tekstar i skolen. Oslo, Fagbokforlaget
Ressursside om teikneseriar, Nynorsksenteret
Teikneseriar med tomme snakkebobler, Nynorsksenteret

