Sjølvbiografi

8.–10. trinnSjølvbiografi
Lærar: Torgeir Mjaugeto
Ringstabekk skole, Bærum
Lengd: 17.30 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

Denne filmen syner oppstarten på eit lengre undervisningsopplegg der prosesskriving og skrivemappe er i sentrum. Elevane skal skrive korte tekstar i ulike sjangrar. Målet er at elevane skal skrive ofte, både på nynorsk og bokmål, og at dei gjennom prosesskriving og respons skal verte betre skrivarar.

Felles for alle skriveoppgåvene i mappa er at dei tek utgangspunkt i elevane sjølve og deira interesser og bakgrunn. Tittelen på mappa er difor Sjølvbiografi. Denne filmen syner arbeidet med den fyrste teksten; forteljing frå barndomen. Teksten skal vurderast med karakter. Når det gjeld nynorsk rettskriving, er det særleg adjektiv og pronomen elevane skal konsentrere seg om i denne teksten.

Elevane byrjar med å lage eit tankekart. Tankekartet skal hjelpe elevane til å strukturere minne dei har frå barndomen. Det kan vere minne knytte til leik og spel, til opplevingar om sommaren eller i jula, til barnehagen osb. Ut frå tankekartet vel elevane ut eitt minne som forteljinga skal handle om.

Denne elevgruppa er vane med å gje respons til kvarandre. Når elevane skal gje respons, sit dei anten i par eller i grupper på tre. Dei bruker eit responsskjema for å dokumentere og konkretisere responsen. Elevane gjev respons på fyrsteutkastet av forteljinga medan læraren kommenterer det andre utkastet. Saman med andreutkastet samlar læraren òg inn responsskjemaet. På den måten får læraren eit breiare grunnlag når han skal gje sin respons på prosessen og teksten.

Responsskjemaet til læraren:

Forteljing frå barndomen

Kommentar

Måloppnåing

Låg

Middels

Høg

- Innleiinga fangar interessa til lesaren        
- Du markerer avsnitt tydeleg        
- Du bruker adjektiv og pronomen riktig        
- Du skildrar miljø og personar        
- Du varierer ordbruken og setningstypane        

På denne fyrste teksten i skrivemappa har læraren valt å gje sin respons munnleg. Når elevane har time med arbeidsplan, har læraren sjanse til å samtale med ein og ein elev om teksten deira. I denne responssamtalen kan læraren utdjupe responsen og diskutere teksten med kvar enkelt elev. Læraren har på førehand lese elevane sitt responsskjema, fylt ut sitt eige skjema og retta i teksten.

Både undervegs i skriveprosessen og i responsrundane gjeld det å vere medvitne om kriteria for teksten. Grunngjevinga for å avgrense nynorskkriteria til adjektiv og pronomen i denne teksten er at elevane skal deltrene på få område om gongen i staden for å prøve å bli flinke i alt i ein og same tekst. For læraren sin del gjer selektiv retting det lettare å vere presis i responsen.

Spørsmål til diskusjon
På kva måtar kan arbeid med skrivemappe og prosesskriving gjere elevane betre i nynorsk?
Korleis ville du ha lagt opp eit undervisningsopplegg med prosesskriving på nynorsk?
Kor mange tekstar bør elevane skrive på nynorsk i løpet av eit semester?
Kva synest du om at ikkje alle tekstar i ei slik mappe bør vurderast med karakter?

Ressursar
Her finn du responsskjemaet som elevane brukte i dette opplegget.
Michaelsen, Eva og Johansen, Randi O. 2007: Mappevurdering. Håndbok for læreren – med eksempler fra norsk og kunst og handverk. Oslo, Universitetsforlaget
Dysthe, Olga 1995: Det flerstemmige klasserommet. Skriving og samtale for å lære. Oslo, Ad Notam Gyldendal.
Dysthe, Olga 1995: Ord på nye spor. Innføring i prosessorientert skrivepedagogikk. Oslo. Det Norske Samlaget.
Eritsland, Alf Gunnar 2004: Skrivepedagogikk. Teori og metode. Oslo, Det Norske Samlaget.

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens