Raude kyssemerke

8.–10. trinnRaude kyssemerke
Lærar: Ane Opdøl Kopreitan
Charlottenlund skole, Trondheim
lengd: 17.11 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

 

Dette undervisningsopplegget er bygd rundt novella Raude kyssemerke i brev av Jon Fosse og syner ulike arbeidsmåtar ein kan bruke i litteraturundervisninga. I fyrste del av opplegget les læraren novella høgt for elevane, og elevane arbeider med eit tokolonnenotat. I andre del lagar elevane ein teikneserie basert på Fosse-novella. Målet er at elevane skal fordjupe seg i ei moderne nynorsk novelle og lage sin eigen variant av forteljinga i form av ein samansett tekst.

Litteraturøkta byrjar med at læraren les novella høgt for elevane. Elevane har fått kvar sin kopi av novella og kan følgje med undervegs. Læraren stoppar opplesinga rett før vendepunktet i novella. Kva skjer vidare? Dette spørsmålet svarar elevane på i tokolonnenotatet dei har fått utdelt.

Eit tokolonnenotat er eit spørjeark delt i to; ein kolonne med konkrete spørsmål til teksten og ein kolonne til elevsvar. Spørsmåla er ei blanding av fakta-, refleksjons- og vurderingsspørsmål. Det er avgrensa plass til å svare, noko som gjev signal om at det er forventa korte svar. Dette oppsettet gjer tokolonnenotatet enkelt å bruke i korte refleksjonsoppgåver.

Når elevane har svara ferdig på korleis dei trur det kjem til å gå, les læraren ferdig. Gjekk det slik elevane trudde? Kva var overraskande i novella? Elevane svarar på resten av spørsmåla i tokolonnenotatet. Deretter er det felles oppsummering om refleksjonane kring novella.

I den andre oppgåva får elevane sjansen til å gjere noko med teksten sjølve. Dei skal ta føre seg hovudhandlinga i novella og formidle denne i ein teikneserie. Teikneserien skal vere på eit A3-papir, og elevane skal lage teikneserien i par. Frå før har elevane arbeidd mykje med teikneseriar, og før dei går i gang med oppgåva, repeterer elevane i fellesskap kva dei kan om ulike verkemiddel i teikneseriar.

Den forkunnskapen elevane har om teikneseriar som samansett tekst, er òg utgangspunktet for kriteria for teikneserieoppgåva. Kriteria er mellom anna at elevane skal bruke verkemiddel som til dømes biletformat, variere perspektivbruk (froske-, fugle- og normalperspektiv) og biletvinkel og bruke språklege verkemiddel som lydhermande ord, humor, kontrastar og gjentakingar.

Økta vert avslutta med at para presenterer teikneseriane for kvarandre og forklarar kva verkemiddel dei har brukt i teikneserien sin. Når det gjeld språkføringa, er dette blant dei fyrste nynorsktekstane elevane lagar. Difor er det ikkje forventa at elevane har alt riktig, men før teikneseriane vert hengde opp på veggen, kan elevane ta ein siste språksjekk.

Spørsmål til diskusjon
Kva ulike norskfaglege aktivitetar arbeider elevane med i løpet av dette opplegget?
Kva tykte du var bra med dette litteraturopplegget?
På kva måtar var dette opplegget god nynorskopplæring?
Korleis ville du lagt opp undervisninga om elevane dine skulle arbeide med denne novella?

Ressursar
Nynorsksenteret: Ressursside om teikneseriar
Om tokolonnenotat: Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking. 2007: Bok i bruk for videregående skole, Stavanger
Fosse, Jon. 1994: Raude kyssemerke i brev, i Prosa frå ein oppvekst, Det Norske Samlaget

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens