På jakt etter substantiv
8.–10. trinn
Lærar: Torill Tørjesen
Holmlia skole, Oslo
Lengd: 09.59 min
Last ned: film / infoark
Denne filmen syner korleis elevar kan arbeide aktivt med grammatikkøvingar tidleg på 8. trinn. Det er undervisningsrommet og elevane sjølve som er utgangspunktet for øvingane. Målet er at elevane skal repetere grammatikkreglar gjennom enkle, korte og varierte oppgåver.
Desse øvingane kan gjennomførast først i ein time, dei kan vere eit avbrekk i eit anna undervisningsopplegg, eller dei kan vere repetisjonsøvingar for å halde kunnskapane i grammatikk ved like. Elevane vert til dømes bedne om å finne tre ulike substantiv i rommet, på kvarandre, på pulten osb., og deretter skal dei bøye substantiva. Øvingane vert oppsummerte i fellesskap, og dei grammatiske reglane vert repeterte på tavla.
Den neste oppgåva elevane gjer, er å plukke ut substantiv frå dikt i læreboka. Elevane skal finne substantiva og gjere dei om til eintal med rett artikkel eller mengdeord framfor. Utfordringa i denne oppgåva er både å finne alle substantiva og vite om substantivet er hannkjønn, hokjønn eller inkjekjønn.
Den siste oppgåva er at elevane skal lage ei loddrett substantivrekkje ut frå bokstavane i førenamnet sitt. Også i denne oppgåva skal dei gje substantivet rett artikkel eller mengdeord, til dømes slik:
S – eit sykkelstyre
A – ein apekatt
R – ein regndrope
A – ei and
H – eit hjarte
Ein vri eller ekstra variasjon kan vere at elevane løyser grammatikkoppgåver på Internett, på skulen eller heime. Det er fleire nettstader som fritt tilbyr grammatikk- og rettskrivingsøvingar.
Vi legg merke til at det er mange elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn i denne elevgruppa, og gjennom eit slikt opplegg får dei styrkt kompetansen sin i norsk språk, til dømes ved å gje substantiv rett kjønn.
Spørsmål til diskusjon
Kva likte du ved opplegget?
Når bør undervisninga i nynorsk byrje?
Kor stor del av nynorskopplæringa bør grammatikkdelen utgjere?
Korleis vil du leggje opp innlæringa av grammatikk på ein best mogleg måte?
Korleis kan ein gjere undervisninga i grammatikk systematisk og variert?
Ressursar
Språkrådet: Nettkurs i nynorsk
Norsk Nettskole sine ressurssider
Tekstlaboratoriet ved UiO: GREI – grammatikkspel for elevar

