Ordkjede

8.–10. trinnOrdkjede
Lærar: Ellen Flognfeldt
Tangenåsen skole, Nesodden
Lengd: 10.27 min
Last ned: film / infoark

 

 

Ordkjede er ein språkleik der elevane øver seg i ordtilfang og rettskriving på nynorsk. Målet er at elevane skal automatisere ord som er mykje brukte på nynorsk, gjennom leikprega aktivitet. Eit delmål er at elevane òg skal verte meir medvitne om kva ord som er ulike på bokmål og nynorsk, og kva ord som er felles.

Aktiviteten tek utgangspunkt i kort med to ord på; eitt på bokmål og eitt på nynorsk. Leiken fungerer som ein stafett. Eleven som har startkortet, seier høgt bokmålsordet på kortet sitt. Den eleven som har det samsvarande nynorskordet, svarar med dette og held fram med å seie bokmålsordet sitt. Og slik går leiken til stafetten endar med nynorskordet på startkortet. Då er ordkjeda fullført.

 

Drake

Ikkje

Gut

Kjem

Meir

Ikke

Gutt

Kommer

Mer

Drage

(Startkort)

     

(Siste kort)

 

I denne filmen får vi sjå at elevane fyrst prøver aktiviteten med ord som læraren har føreslege. Ordkjede vert då gjennomført to gonger på rad med heile elevgruppa ståande i ring på golvet. Neste steg er at elevane i grupper lagar sine eigne ordkjeder. Fyrst må elevane få innføring i korleis oppsettet skal vere for at ordkjeda skal gå opp, sjå illustrasjon over.

Når det gjeld kva nynorskord elevane kan velje, så vel elevane i denne filmen den nynorskvarianten som tydeleg skil seg frå bokmålsvarianten av same ord, til dømes skule og ikkje skole. På den måten vert leiken prega av det som skil dei to målformene, og ikkje det at mange ord er felles i bokmål og nynorsk. Såleis kan leiken opne for mange gode diskusjonar om ordtilfang og ordbruk.

Eit anna viktig perspektiv er rettskriving. I filmen ser vi at gruppene må skrive orda sine på tavla og få dei godkjende av læraren. Slik vert rettskrivinga gjord til ei form for konkurranse på ein positiv måte.

Ordkjede er ein fleksibel leik som det går an å ha i mange ulike variantar. Ein kan til dømes berre konsentrere seg om verb, om substantiv, om pronomen osb. Leiken kan følgjast opp av ulike aktivitetar. Det kan vere korte diktatar eller ordprøver rett etter at leiken er gjennomført, eller elevane kan skrive korte oppgåver med utgangspunkt i orda i leiken.

Spørsmål til diskusjon
Kva likte du ved dette undervisningsopplegget?
Korleis ville du ha gjennomført eit tilsvarande undervisningsopplegg?
Kvifor kan det vere viktig å gjere slike øvingar i nynorskopplæringa?
Kva andre leikprega aktivitetar kan ein bruke for å øve rettskriving eller grammatikk?

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens