Nynorsk lærebok i KRL
8.–10. trinn
Lærar: Torill Tørjesen
Holmlia skole, Oslo
Lengd: 13.44 min
Last ned: film / infoark
Holmlia skole har sidan 2004 hatt ei nynorsksatsing kalla Sidemålsløftet – Holmlia skole. Denne satsinga er forsterka gjennom Kunnskapsløftet ved at norsklærarane i fellesskap har utarbeidd ein modell for sidemålsopplæringa ved skulen, og denne modellen er nedfelt i den lokale læreplanen i norsk. Mellom anna er det konkrete mål i nynorsk for kvart av dei tre åra på ungdomstrinnet. På 8. trinn skal elevane til dømes byrje tidleg med nynorskopplæringa, dei skal lære formverket og arbeide med korte skriveoppgåver.
Ein viktig del av nynorsksatsinga på Holmlia skole er at fleire av klassane bruker nynorsk lærebok i KRL. Hovudmålet med dette er at elevane skal få brei røynsle med nynorske fagtekstar og på den måten oppleve at nynorsk er eit språk i bruk.
I denne filmen får vi sjå ei undervisningsøkt der temaet er Bibelen og dei ti boda i kristen og jødisk tradisjon. Hovudmålet i KRL-undervisninga er sjølvsagt lærestoffet i faget, men sidan læreboka er på nynorsk, opnar det seg gode høve til å kople språktrening og språkforståing til fagstoffet. Denne språktreninga er dessutan med på å understreke lesing som ein grunnleggjande dugleik på tvers av fag.
Elevane skriv nynorsk når dei gjer notat og løyser oppgåver. Læraren skriv konsekvent nynorsk på tavla. I tillegg er alle oppgåver og prøver òg skrivne på nynorsk. På denne måten vert nynorsk bruksspråket i KRL-faget, og elevane vert godt vane med å høyre og skrive nynorsk.
Ei viktig og systematisk ordning er at elevane lagar seg ordbank. Kvar gong elevane les ein ny tekst i læreboka, anten det er på skulen eller heime, skriv dei inn nye eller vanskelege ord i margen på skriveboka. Desse orda går ein gjennom i fellesskap. Slik vert elevane oppmuntra til å spørje om ord og omgrep dei ikkje skjønar, det kan vere faguttrykk eller allmenne ord og uttrykk som er nye for dei. Mange av desse orda er felles for nynorsk og bokmål. Dermed aukar ordtilfanget til elevane både på bokmål og nynorsk.
Spørsmål til diskusjon
På kva ulike måtar lærer elevane nynorsk i dette undervisningsopplegget?
Korleis kan det å bruke nynorske lærebøker påverke elevane sine haldningar til nynorsk?
Kva fordelar kan det gje å bruke nynorsk lærebok i eit anna fag enn norsk?
I kva fag kunne det vore aktuelt å bruke nynorsk lærebok på skulen din?
Les meir
Nynorskopplæring nr. 1-2007, Nynorsksenteret
Tørjesen, Torill W. 2005: «Nye vegar til nynorsken». Didaktiske perspektiv på nynorskopplæringa. Skrift nr. 1. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Tørjesen, Torill W. 2007: «Sidemålsløftet – Holmlia skole» i Betre nynorskundervisning. Skrift nr. 2. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

