Møte med Aasen
8.–10. trinn
Lærar: Hjalmar Eiksund
Rosenborg skole, Trondheim
Lengd: 16.00 min
Last ned: film / infoark
Dette undervisningsopplegget tek føre seg Ivar Aasen som historisk person. Målet er at elevane skal få meir kunnskap kven Ivar Aasen var, og kva han gjorde. Opplegget er tredelt: Fyrst les elevane ein nekrolog om Ivar Aasen, deretter møter Ivar Aasen elevane som lærar-i-rolle, og til sist arbeider elevane med dagbøkene og språkferdene til Aasen. Som heilskap er dette undervisningsopplegget ein innfallsvinkel til både språkhistorie, kulturhistorie, mediehistorie og sjangerkunnskap.
Ivar Aasen døydde 23. september 1896. Same dag er det ein lang nekrolog om Aasen på framsida av Dagbladet, der Aasen vert hylla i varme ordelag. Kva seier dette om Ivar Aasen si stode i norsk samfunnsliv i samtida? Språket i nekrologen vil vere litt uvant å lese for elevane og prega av den tida si ordbruk og vendingar. Såleis gjev nekrologen òg eit høve til å diskutere språkutviklinga i norsk.
Kva ville elevane spurt Ivar Aasen om dersom dei møtte han i dag? Dette er ei oppgåve som elevane får, og som dei må svare på i skrivebøkene sine. Det bankar på døra, og læraren må brått ut eit ærend. Når han kjem attende, har han på seg hatt og vest, og i venstrehanda ber han ein reisekoffert. Læraren presenterer seg som Ivar Aasen. Har elevane nokre spørsmål til han?
Lærar-i-rolle-metoden er ein dramateknikk der læraren gjev seg ut for å vere ein bestemt person, og rollefiguren svarar på det elevane lurer på. Møtet kan vere som eit formelt intervju, eller slik som i denne filmen, ein samtale mellom rollefiguren og elevane. Elevane som utan å vite det har førebudd seg på akkurat dette møtet, må vere aktive og stille spørsmåla dei har om Aasen.
Læraren har budd seg godt på intervjusituasjonen. Spørsmåla handlar mykje om biografiske opplysingar som til dømes om Aasen var fattig, om kvar han vandra i Noreg, kva andre folk tykte om han, og kva som dreiv han i språkarbeidet. Dersom læraren ikkje veit svaret på spørsmålet, må han improvisere. I denne filmen får Aasen mellom anna spørsmål om kva fotballag han held med. Då kan læraren seie at han ikkje har høyrt om dette fenomenet fotball, kan eleven forklare kva det er?
Den tredje og siste delen i dette undervisningsopplegget er arbeid med dagbøkene og språkferdene til Aasen. Båe delar er lagde ut på nettstaden til Ivar Aasen-tunet. I dagbøkene skriv Aasen om alle dei stadene han vitjar, og han kommenterer både folk han møter, og ting som skjer. Elevane vil oppdage at Aasen skriv på dansk i dagboknotata sine. Kvifor gjorde han det?
Elevane arbeider gruppevis i denne delen. Dei skal velje seg ut eit fylke frå oversikta på nettstaden til Aasen-tunet. Vidare skal dei finne fram til nokre av orda Aasen fann i dette fylket, og som avslutning skal gruppene presentere oppdagingane sine for resten av elevgruppa.
Ei oppfølging av dette undervisningsopplegget kan vere å arbeide med skriftene til Aasen og sjå nærare på ordsamlingane hans, dikt og skodespel. Ei anna moglegheit er å følgje opp med skriveoppgåver, eventuelt slik som det vert gjort i denne filmen, der elevane skal skrive om ein dag i Ivar Aasen sitt liv med utgangspunkt i dagboknotata.
Stor takk til Ivar Aasen-tunet for at vi fekk bruke bilete av Ivar Aasen i denne filmen.
Spørsmål til diskusjon
Kva var bra med dette undervisningsopplegget?
Korleis kan nettstaden til Ivar Aasen-tunet brukast i norskundervisninga?
På kva andre måtar kan ein arbeide med Ivar Aasen på 5.–7. trinn og/eller 8.–10. trinn?
Korleis kan du sjølv vere lærar-i-rolle som Ivar Aasen?
Ressursar
Nettstaden til Ivar Aaasen-tunet
Nekrolog i Dagbladet
Om reisene til Aasen
Osland, Erna og Midthun Arild. 1996: Ivar Aasen – ei historie om kjærleik, Det Norske Samlaget, Oslo (teikneserieroman)
Det Norske Samlaget. 1997: Ivar Aasen, CD-ROM

