Mellom bakkar og berg
8.–10. trinn
Lærar: Torill Tørjesen
Holmlia skole, Oslo
Lengd: 02.54 min
Last ned: film / infoark
Nynorske viser og songar har tradisjonelt hatt ei sterk stilling i musikk- og norskfaget. Kven har ikkje ein gong i løpet av skuletida sunge Den fyrste song eg høyra fekk, Du skal ikkje sova bort sumarnatta, Mellom bakkar og berg (opphavleg kjend som Nordmanden) eller den populære Kveldssong for deg og meg?
På Holmlia skole har det vore eit tett samarbeid mellom musikklæraren og norsklærarar for å øva inn nynorske songar. På denne måten vert elevane kjende med norsk visetradisjon samstundes som dei opplever nynorsk som eit rikt og levande kulturspråk. Dessutan vert elevane gjennom songtekstane vane med særeigne nynorske ord og vendingar.
Ein spennande vri er å kombinere eldre tekstar med ungdomen sine eigne musikkuttrykk. På slutten av denne filmen får vi høyre resultatet av ein slik miks, ein rappversjon av Mellom bakkar og berg.
Rappen i filmen er ved Baboucarr Chune og Bahman Moradi.
Stor takk til Ivar Aasen-tunet for at vi fekk bruke historiske bilete av Aasen i denne filmen.
Spørsmål til diskusjon
Kva lærer elevane av å syngje nynorske viser og songar?
På kva måte kan nynorske viser og songar vere ein del av nynorskundervisninga?
Kva andre songtekstar kan eigne seg i ein slik samanheng?
Korleis kan norsk- og musikklæraren samarbeide om nynorskopplæringa?
Korleis kan elevane arbeide for å presentere sine eigne versjonar av songar som samansette tekstar med lyd, bilete og/eller film?
Ressursar
Songboka til tunkatten på Aasentunet
Nordstoga, Odd (red.) 2002: Song for deg og meg, Oslo, Det Norske Samlaget

