Lesesirkel og rolleskriving
8.–10. trinn
Lærar: Ellen Flognfeldt
Tangenåsen skole, Nesodden
Lengd: 34.14 min
Last ned: Del 1 / Del 2 / Del 3 / Heile filmen / infoark
I denne filmen får vi sjå eit utdrag av eit lengre litteraturprosjekt rundt romanen Narnia-draumar av Lars Mæhle. Målet er å gje elevane ei god litteraturoppleving ved å utforske teksten og språket på ein systematisk måte med ulike lese- og skrivestrategiar.
Narnia-draumar er den andre boka til Lars Mæhle. Boka handlar om Jo, som nyss er ferdig med ungdomsskulen. Rett før sommarferien forsvinn veslesystera hans. Det einaste sporet Jo finn, er e-postar til og frå ein som kallar seg Digory. Seinare finn han ut at Digory sit på lukka avdeling på den psykiatriske klinikken i bygda. Veslesystera og Digory har bestemt seg for å rømme saman.
Den fyrste delen av litteraturopplegget er knytt til førlesefasen. Kva assosierer elevane med tittelen på boka? Kva veit elevane om Narnia frå før? Kva syner omslaget? Korleis er boka delt inn og strukturert? Aktivitetane i denne bolken vekslar mellom klassesamtale, kortskriving og bruk av tankekart. I førlesefasen får elevane delt forkunnskapane sine samstundes som dei gjer seg klare til å lese boka.
Eit viktig verkty i dette litteraturprosjektet er loggboka. Alle kortskrivingsoppgåver og andre skriftlege oppgåver knytte til lesinga vert førte i loggboka. Undervegs vil elevane òg ha mange munnlege refleksjonssamtalar. I tillegg vert loggboka nyttig for læraren. Ved å lese elevane sine refleksjonar kan læraren få innsikt i korleis arbeidsmåtane fungerer, og kva elevane har lært.
For å skape ein felles start les læraren introduksjonen høgt for elevane. Det første kapittelet les elevane sjølve på skulen, og kapittel to får elevane i lekse å lese heime. I neste økt med leseprosjektet summerer elevane og læraren opp i fellesskap kven hovudpersonane i boka er, og kva som har skjedd så langt. Det andre kapittelet skal elevane fordjupe seg i ved hjelp av lesesirkelmetoden. Metoden går ut på at elevane les ein felles tekst i gruppene og snakkar saman om teksten etterpå. Både undervegs i lesinga og i gruppesamtalane har kvar elev ei bestemt rolle. Dei fem rollene er: Avsnittsguide, opplysar, regissør, koplar og ordkunstnar. Til kvar rolle har læraren laga eit sett med spørsmål.
Målet med metoden er at elevane skal verte betre kjende med teksten og at gruppesamtalen om teksten skal gje auka læringsutbyte. Elevane skal i dette prosjektet gjennomføre lesesirkel med roller på to av kapitla.
Ein annan læringsstrategi som elevane nyttar i dette litteraturprosjektet, er rolleskriving. Rolleskriving er styrte skriveoppgåver der elevane skal verte meir medvitne om innhaldet i det dei skriv, kven dei skriv for, og kva for sjanger dei nyttar. Denne strategien kan med fordel òg brukast i andre fag enn norsk. I dette litteraturprosjektet er skriveoppgåvene tett kopla til handlinga og personane i Narnia-draumar.
Siste del av filmen viser ei undervegsvurdering med loggbok. Elevane seier kva dei tykkjer om litteraturprosjektet så langt, og korleis det er å arbeide med nynorsk litteratur.
Spørsmål til diskusjon
Korleis går læraren fram for å auke leseforståinga og gje elevane ei rikare leseoppleving?
Kva fordelar ser du ved å la elevane arbeide med nynorsk litteratur på denne måten?
Korleis vert lesing og skriving kopla i dette opplegget?
Kva synest du læraren gjer bra?
Kva andre aktivitetar kunne det vore aktuelt å bruke i eit slikt lengre litteraturprosjekt?
Ressursar
Mæhle, Lars. 2006: Narnia-draumar. Det Norske Samlaget, Oslo
Tips om nynorsk barne- og ungdomslitteratur
Lesesenteret har presentert lesesirkel i fleire nyttige hefte:
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking: Bok i bruk på femte til sjuende trinn. 2006, Bok i bruk på åttande til tiende trinn. 2007 og Bok i bruk på videregående skole. 2007. Stavanger
Rollekort kan lastast ned frå: www.lesesenteret.no
Om rolleskriving:
Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking. 2006: Fagbok i bruk, Stavanger
Engen, Liv og Santa, Carol. 1996: Lære å lære, Stiftelsen dysleksiforsking (ny utgåve kjem hausten 2008)

