Grammatikk og kortskriving
8.–10. trinn
Lærar: Marit Løkke
Ringstabekk skole, Bærum
Lengd: 10.39 min
Last ned: film / infoark
Dette undervisningsopplegget syner korleis ein kan arbeide med grammatikk gjennom korte skriveoppgåver. Målet er at elevane skal bruke sine eigne tekstar som utgangspunkt for repetisjon av nynorske pronomen og gradbøying av adjektiv. Elevane vekslar mellom å skrive, arbeide med grammatikk og lese opp tekstane dei har skrive. Dei som ikkje kjenner seg støe på reglane, kan føre reglar og bøyingsmønster inn i regelboka si.
Den fyrste skriveoppgåva tek utgangspunkt i ein dialog mellom to personar som står og ventar på ein buss på ein haldeplass. Den eine skal vere glad, medan den andre skal vere trist. Det er kaldt, og det blæs. Dette skal elevane skildre, og dei har fem minutt til rådvelde.
Tidsfristen gjer at elevane må kome fort i gang med skrivinga, og at det ikkje vert så lange tekstar. Det er heller ikkje tid eller høve til å bruke ordliste. Etter at dei har skrive teksten, skal dei plukke ut adjektiva dei har nytta i teksten, og gradbøye dei.
Neste punkt er å repetere pronomen. Korleis skil nynorsk seg frå bokmål når det gjeld personlege pronomen? Etter ein kort samtale og repetisjon er det klart for den andre skriveoppgåva: Skriv ein tekst der du bruker så mange ulike pronomen som mogleg. Du er fri til å velje situasjon og kor mange personar som er med. Skriv i fem minutt.
Repetisjonsøkta vert runda av med ein uhøgtidleg konkurranse der elevane tel kor mange ulike pronomen dei klarte å ta med i teksten. I tillegg er det ei kort oppsummering der elevane får høve til å fortelje kva dei har lært i løpet av økta.
Spørsmål til diskusjon
Kva fordelar ser du ved å la elevane arbeide med nynorsk grammatikk på denne måten?
Korleis ville du undervist i nynorsk grammatikk?
Når bør den nynorske grammatikkundervisninga byrje i grunnskulen?
Kor mykje vekt bør grammatikkdelen ha i sidemålsundervisninga?
Kva fordelar og ulemper er det ved at elevane bruker regelbok i norskfaget?
Ressursar
Oppgåvene i opplegget er henta frå:
Aske, Jetne, Larsen, Løkke, Rossland 2007: Neon 9 – studiebok, Oslo, Det Norske Samlaget
Nynorsksenteret: Nettkurs i nynorsk
Språkrådet: Nettkurs i nynorsk
Norsk Nettskole sine ressurssider
Tekstlaboratoriet ved UiO: GREI – grammatikkspel for elevar

