Å slå opp med ei jente

8.–10. trinnÅ slå opp med ei jente
Lærar: Ane Opdøl Kopreitan
Charlottenlund skole, Trondheim
Lengd: 17.20 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

I dette litteraturopplegget arbeider elevane med novella Eg står her og skal slå opp med ei jente av Rune Belsvik. Det er eit tredelt undervisningsopplegg der elevane fyrst les novella, deretter lagar dei frysbilete frå ein situasjon i novella, og til sist skriv elevane sin eigen versjon av novella. Eit frysbilete, eller tablå, er eit slags stillbilete der elevane prøver å illustrere til dømes personar, ein situasjon, ei stemning eller ei kjensle ved hjelp av agering og kroppsspråk. Målet er at elevane skal fordjupe seg i og tolke ein moderne nynorsk tekst ved hjelp av dramaøvingar og skriving.

Kvar elev får ein kopi av novella og les inni seg medan læraren les novella høgt. Etterpå er det ein kort felles samtale om novella. Det er særleg vendepunktet elevane festar seg ved. Svein har bestemt seg for å gjere det slutt med kjærasten sin, og det meste av novella skildrar kva Svein tenkjer på medan han ser jenta kome gåande mot han. Svein vert overraska då jenta kjem han i forkjøpet. «Da e’ slutt,» seier ho.

Etter fellessamtalen skal elevane i grupper lage frysbilete (tablå) av ein valfri sekvens i novella. Det kan vere ein del i novella som dei tykkjer er ekstra spennande eller tankevekkjande, eller det kan vere ein situasjon dei finn særs viktig for å forstå novella. I frysbiletet kan elevane vere karakterane i novella, dei kan vere fysiske objekt som ei trapp eller ein lyktestolpe, og dei kan lekamleggjere kjensler. I tillegg skal elevane gje frysbiletet sitt ei overskrift.

Når alle gruppene er ferdige med å øve inn frysbiletet, er det tid for presentasjon. Under presentasjonen skal medelevane fortelje kva dei ser i frysbiletet, og prøve å tolke det. Stemmer desse tolkingane med det gruppa sjølv har tenkt? Kva føresteller kvar enkelt elev i frysbiletet? Og kva er bakgrunnen for val av overskrift? Slik vert presentasjonen eit nytt steg i prosessen med å tolke novella .

Den siste oppgåva er å skrive ein kort tekst på nynorsk om møtet mellom Svein og jenta sett frå jenta sin synsstad. Kva tenkjer ho når ho skal treffe kjærasten sin og gjere det slutt? Denne skriveoppgåva med perspektivbyte gjev elevane høve til å forstå og forklare kvifor jenta handlar som ho gjer. Når elevane er ferdige med å skrive, byter dei tekst i par og les korrektur for kvarandre. Dette gjer at elevane får øvd seg i rettskriving samstundes som dei gje ros eller råd om innhaldet.

Spørsmål til diskusjon
Kva får elevane øving i gjennom dette opplegget?
På kva måtar er dette god nynorskopplæring?
Kva ville du gjort annleis i dette undervisningsopplegget?
Kva andre dramaøvingar kan ein nytte i nynorskopplæringa?
Diskuter kva andre nynorsktekstar som kan nyttast i eit slikt opplegg.

Ressursar
Novella Eg står her og skal slå opp med ei jente er henta frå samlinga Kram snø, som Rune Belsvik gav ut i 1981 på Det Norske Samlaget.
Landslaget Drama i Skolen

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens