Å oppdage nynorsk

5.–7. trinnÅ oppdage nynorsk
Lærar: Kristin Paulsen
Aremark skole, Aremark
Lengd: 13.16 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

Kva er nynorsk? Til kva vert nynorsk brukt? Kvar finn vi nynorsk i dag? Desse spørsmåla er utgangspunktet for dette utforskande undervisningsopplegget gjennomført ved Aremark skole i Østfold. Dette undervisningsopplegget blei gjennomført på 7. trinn, men passar like godt på 5. eller 6. trinn.

Målet med dette undervisningsopplegget er at elevane skal verte medvitne om at nynorsk er eit alminneleg skriftspråk som, til liks med bokmål, vert brukt i alle moglege sjangrar og høve.

Fyrste del av undervisningsopplegget er ein fellesdiskusjon mellom elevar og læraren. Kva veit elevane frå før om nynorsk? Kvar har dei møtt nynorsk tidlegare? Med denne innleiande samtalen får elevane synleggjort kva forkunnskapar og førestellingar dei har om nynorsk, og læraren får gjort det klart at nynorsk fyrst og fremst er eit skriftspråk. Vi skriv nynorsk eller bokmål, men snakkar dialekt.

Den neste delen er at elevane gruppevis skal gå på jakt etter nynorsk tekst. Ei gruppe får i oppdrag å undersøkje kvar dei finn nynorsk på Internett, ei anna gruppe skal leite etter nynorsk på biblioteket, og ei tredje gruppe skal sjå om dei finn nynorske tekstar i læreboka i norsk. Deretter skal gruppene leggje fram for kvarandre kva dei fann ut. Kanskje var nynorsk meir vanleg enn dei trudde?

Eit godt råd til lærarar som skal gjennomføre liknande undervisningsopplegg, er å undersøkje på førehand kva nynorskbøker som står på biblioteket, kva for nynorske nettstader og nettaviser som finst, osb. Slik kunnskap kan vere greitt å ha i bakhand om elevane treng ekstra tips.

Spørsmål til diskusjon
Kva kan elevane lære av eit slikt undervisningsopplegg?
Korleis ville du ha gjennomført eit undervisningsopplegg som Å oppdage nynorsk?
Korleis kan ein arbeide med nynorsk på 5.–7. trinn?

Ressursar
Firda – den største dagsavisa på nynorsk
Nyheiter om nynorsk
Tunkatten – Aasentunet sin nettstad for born
Norsk Barneblad
Magasinett – nynorsk nettmagasin for ungdom

skoleipraksis drives av WordPress

Creative Commons License

Dette verk er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge lisens.