Nynorsk som sidemål i grunnskulen

Last ned tekstheftet

Ressurspakka i praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen er ei samling med over 20 kortfilmar. Filmane syner undervisningspraksis som er fagleg solid og som engasjerer barna.

Målet er å inspirere lærarar og lærarstudentar til å diskutere fagdidaktikk og til å tenkje nytt om undervisninga i sidemål. Materiellet skal kunne brukast på seksjonsmøte, fagdagar, i lærerteamet og til sjølvstudium.

Kvar film dokumenterer eit konkret undervisningsopplegg med didaktiske tips og meir overbyggjande idear rundt faget. Døma er henta frå vanlege klassar i Trondheim, Stavanger, Aremark, Nesodden, Bærum og Oslo. Samla gjev ressurspakka ein statusrapport om korleis ein kan praktisere faget på ein god måte overfor elevane.

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens