Ressurser

Naturfagsenteret, Nasjonalt senter for naturfag i opplæringen.

Naturfag er Naturfagsenterets eget tidsskrift. Det skal bidra til å inspirera og informera lærarar ved å presentera eit mangfald av arbeidsmetodar og undervisningsopplegg innanfor fagområdet. Målgruppa er særleg lærarar i grunnskulen.

naturfag.no er ein nettstad for lærarar som underviser i naturfag. Her er det forslag til undervisningsopplegg, forsøk, aktivitetar og tips om kurs og konferansar. I tillegg er det informasjon om trygt laboratoriearbeid.

Nysgjerrigper er Norges forskningråd si satsing på forsking på barnesteget. Medlemsbladet kjem ut annankvar månad. Bladet formidlar stoff om nyare forsking og vitenskap. Artiklane er òg tilgjengelege på nettstaden saman med mykje anna tilleggsstoff., mellom anna ein eigen rettleiing til Nysgjerrigper-metoden/naturvitenskaplig metode. Kvart år vert det gjennomført ein Nysgjerrigper-konkurranse med stor oppslutnad frå skular over heile landet.

Skolelaboratoriet svarar på faglege og praktiske spørsmål, skipar til etterutdanningskurs, vurderer undervisningsmateriell og lærebøker. På nettstaden er det tips om mange konkrete forsøk både i biologi, kjemi og fysikk. Skolelaboratoriet er ei samleside for skolelaboratoria i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.

miljolare.no er ein nettstad som skal støtta opplæringa i berekraftig utvikling på alle årssteg i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Alle aktivitetane på nettstaden er knytt til læreplanane. I dei konkrete prosjekta kan elevane leggja inn funna av undersøkingane sine i felles database. Det er Nettverk for miljølære som står bak nettstaden. Det er Skolelaboratoriet i realfag ved Universitetet i Bergen og Norsk institutt for luftforsking saman med Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for den daglege drifta av nettstaden.

Skolenettet, Utdanningsdirektoratet sine skulesider, har ei eiga lenkesamling med nyttige nettstader i naturfagundervisninga.

skoleipraksis drives av WordPress

Creative Commons License

Dette verk er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge lisens.