Kunnskapsløftet og i praksis: naturfag på 1.–7. trinn

Undervisningsopplegga i ressurspakka er alle tufta på kompetansemåla i Kunnskapsløftet. Det har vore eit siktemål å dekkja dei mest omfattande emna i den nye læreplanen for naturfag. Såleis syner ressurspakka ei breidde når det gjeld emne og undervisningsmetodar. Det er til dømes med forskarspirearbeid for dei yngste elevane, kjemiforsøk med dei eldre, undersøkingar og hypotesetesting, elevbedrift og tverrfagleg arbeid, uteskule i skogen og i fjæra.

Det har vore særleg viktig å visa fram døme på undervisningsopplegg i dei to nye hovudområda forskarspiren og teknologi og design. Tre av filmane er særleg retta mot det siste hovudområdet, medan element frå forskarspiren er prøvd fletta inn i dei fleste filmane. I tillegg er det laga ein eigen film om naturvitskapleg metode.

Forutan nye hovudemne er dei grunnleggjande ferdigheitene noko som skulen og lærarane no må forholda seg til. I filmane er det fleire praktiske døme på korleis ein kan integrera arbeidet med dei grunnleggjande ferdigheitene i naturfagundervisninga.

Når det gjeld den digitale kompetansen, er det teke med døme der elevane nyttar IKT til publisering av forskingsresultat på Internett, bruk av Internett for å finna informasjon og til å kontrollera det dei har funne ut.

Filmar mest for 1.–4. trinn: Hovudområde i Kunnskapsløftet

FilmForskarspirenMangfald i naturenKropp og helse
Forskerkroken
Meitemark
Langs Gamlevegen
Temperatur
Sportegn
Næringskjedelen
Sansene
FilmVerdsrommetFenomen og stoffTeknologi og design
Måne og sol
Planetane
Luft er noe!
Krystallhage
Supersåpebobler
Luft i bevegelse
Brobygging

Filmar mest for 5.–7. trinn: Hovudområde i Kunnskapsløftet

FilmForskarspirenMangfald i naturenKropp og helse
Torvrivaren
Soppriket
Mose og lav
Livet i fjæra
Tidevann
Pust
Knoklene våre
FilmVerdsrommetFenomen og stoffTeknologi og design
Papir
Tjuverialarm
Tetthet
Faseovergang
Syre og base
Lyd
Mekanisk leke

skoleipraksis drives av WordPress

Creative Commons License

Dette verk er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge lisens.