Torvrivaren

5.–7. trinnTorvrivaren
Lærar: Gunstein Seltveit
Tokke skule, Tokke
Lengde: 15.57 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

Torvrivaren er døme på ei elevbedrift med utgangspunkt i nærmiljøet og lokale tradisjonar. I filmen ser vi korleis elevane lagar torvstrø slik som det vart gjort for 80–100 år sidan. Forutan at elevane lærar seg torvstrøproduksjon på gamalt vis, så er prosjektet ein ypparleg innfallsport både til undersøkingar om sugeevna til torv og til å læra meir om myr som biotop.

Byrjinga på prosjektet var ein ekskursjon til ei torvmyr i 1997. På torvmyra såg elevane restar etter hesjer, tufter etter eit stort hus og nokre store jarnhjul. Kva kunne dette vera? Elevane si undring vart etter kvart til eit eige Nysgjerrigperprosjekt. No er elevbedrifta årviss på skulen.

Det er elevane på 5. årstrinn som har ansvar for elevbedrifta. Om våren dreg elevane ut til den gamle torvmyra og studerer korleis myra er bygd opp. Etter ei innføring i korleis torvproduksjonen gjekk føre seg, er det klart for å spa og hesje torv. Torva må tørka gjennom sumarferien, før det tidleg på hausten er dags for torvriving med dei gamle maskinene. Resultatet er mange sekkar med torvstrø og nøgde hytteeigarar.

Undervegs har elevane fleire konkrete undervisningsopplegg om torv. Kva er eigentleg torv? Kva kjenneteiknar områda der torv finst? Kva slags eigenskapar har torv?

I filmen ser vi korleis elevane studerer torv med lupe og at dei testar sugeevna til torva. Det siste er eit døme på forskarspiretenking der elevane først kjem med hypotesar, og så undersøkjer om hypotesane stemmer. Samstundes opnar aktiviteten opp for bruk av rekning.

Spørsmål til diskusjon
Kva lærer elevane gjennom eit slikt prosjekt som Torvrivaren?
Korleis kan det leggjast til rette for forskartenking og utprøving i eit slikt opplegg?
Korleis ville du gjennomført testinga av sugeevna til torva og bleia?
Kva slag liknande prosjekt kunne vore gjennomført på skulen din?

Utstyr
Torv, hesjer, torvrivar.

Torvsongen 
Melodi: Hei hå hei hå – hjem att skal vi gå
Tekst: Anne-Grete Seltveit
Vi er dei mange tøffe, småe arbeidsfolk som går,
og vi vi vi vi vi – vi skal til skulen vår.
Og mens vi går, så synger vi,
og vi syng høgt og glad og fri
og så glad og så fri,
Ja, på vegen synger vi.
Hei hå hei hå,
til arbeid vil vi gå.
På skulen skal vi rive torv.
Hei hå hei hå hei hå hei hå,
til arbeid vil vi gå.
På skulen skal vi rive torv.
Hei hå hei hå!

Skriv ut songteksten

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens