Pust

5.–7. trinnpusteprosessen
Lærar: Hilde Haugland
Jansløkka skole, Asker
Lengde: 8.45 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

I dette forsøket skal elevane laga ein enkel lungemodell som syner mellomgolvet sin funksjon i pusteprosessen. Modellen syner at vi pustar inn ved å senka mellomgolvet, og at lufta vert pressa ut når vi slappar av i mellomgolvet.

Undervisningsopplegget steg for steg

  1. Innleiingsaktivitet for å gjera elevane medvitne om lungene si tyding og funksjon: “Lukk auga og legg hovudet på pulten i 30 sekund”. Kan vi lata vera å pusta?
  2. Lærar går gjennom korleis lungene ser ut og verkar ved hjelp av ein torsomodell og teikning på tavla av luftvegane. Kva veit elevane frå før?
  3. Demonstrasjon av utstyret til forsøket og korleis det vert sett saman:
    - skjer botn av plastflaska
    - før glasrøyret gjennom holet i gummikorken og set det i flaska
    - teip plastposen fast til enden av glasrøyret
    - set flaska ned i eit kar eller ei vassbytte
    - før flaska sakte opp og ned utan å trekkja ho heilt opp av vatnet
    - forklar kva som skjer. Kan de høyra at lungene pustar?
  4. Etterarbeid. Elevane skriv rapport om forsøket og teiknar modellen.

Spørsmål til diskusjon
Korleis ville du lagt opp dette undervisningsopplegget?
Kva andre hjelpemiddel og modellar kunne læraren brukt for å forklara pusteprosessen?

Utstyr
1 liters plastflasker, små plastposar, glasrøyr, gummikorkar med hol som passar til flaska, teip, kar eller bytter.

skoleipraksis drives av WordPress

Creative Commons License

Dette verk er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge lisens.