Mose og lav
5.–7. trinn
Lærar: Thomas Bedin
Åsgård skole, Ås
Lengde: 11.42 min
Last ned: film / infoark
Føremålet med undervisningsopplegget om mose og lav er at elevane skal læra namn, utsjånad og veksestad til fem vanlege moseartar og tre lavartar. I tillegg skal elevane få røynsle med nokre bruksområde mose og lav hadde i folks kvardag tidlegare.
Først er det ein kort fagintroduksjon, deretter går elevane gjennom ei mose- og lavløype, og som avslutning lagar elevane mose og lavherbarium både på papir og digitalt.
Undervisningsopplegget steg for steg
- Innleiing om mose og lav. Elevane får ei kort forklaring av opplegget.
- Elevane går i grupper gjenno mose- og lavløypa. Gruppevis start med avstand mellom gruppene. Post 1–8 tek føre seg dei fem moseartane og dei tre lavartane som elevane skal læra seg. På kvar post er det lagt ut eit laminert oppgåvekort med bilete av arten og eit grublespørsmål.
På fleire av postane skal elevane leita etter mose- eller lavarten som er skildra der. Mose og lav veks ikkje berre i skogen, men òg langs vegar, tak og veggar. Ei av gruppene dokumenterer funna med digitalkamera. - Post 9 er ein oppsummeringspost der dei åtte artane er nummererte og lagt ut på ein trestamme. Kva for artsnamn og nummer høyrer saman?
- Gjennomgang i fellesskap av eit utval spørsmål frå postane. Kva har elevane oppdaga og lært som var nytt for dei? Korleis klarar dei å skilja mellom dei ulike mose- og lavartane? Kva kjenneteiknar mose og lav som planter?
- Bruk av lav og mose før og no. Elevane fargar garn med kvistlav. Laven skal stå og trekkje i ei gryte med varmt vatn. Deretter vert garnet lagt i. Garnnøsta skal liggja i gryta i minst ein time. Etterpå får elevane smaka på lavbrød. Islandslav er tradisjonelt vorte nytta til å dryga kveitemjølet. Elevane steiker pinnebrød av blandingsmjølet.
- Etterarbeid på skulen. Elevane lagar herbarium ved å pressa mose- og laveksemplara dei har funne, lima dei på papir og skriva på informasjon om art, dato og funnstad. På denne måten får elevane fordjupa seg og studert mose- og lavartane grundigare. Gruppa som hadde med seg digitalkamera, lagar digitalt herbarium i form av ein PowerPointpresentasjon. Det digitale herbariet vert lagt ut på heimesida til skulen.
Praktiske råd og tips
- Finn eit område i nærmiljøet der elevane kan forventa å finna dei mest vanlege artane. Heile løypa treng ikkje å gå i skogen, mose og lav veks mange ulike stader. Merk løypa.
- Bestem deg for nokre få artar elevane skal læra om. I dette opplegget dreidde det seg om sigdmose, bjørnemose,
torvmose, fjærmose, etasjemose, elghornlav, papirlav og kvistlav. - Fokuser på kjenneteikna for arten slik at elevane lettare kan skilja artane frå kvarandre.
- Lag plakatar med bilete, kort tekst i stor skrift og eventuelt spørsmål/ grubleoppgåver.
- Lag ein test på siste post der elevane får repetert artane.
- Dersom fleire vaksne er med, så kan dei vera utplasserte på ulike postar.
Spørsmål til diskusjon
Korleis ville du ha lagt opp eit undervisningsopplegg om mose og lav?
Kva må til for at eit slikt stasjonsopplegg ute skal bli vellukka?
Kor mykje lærestoff kan ein rekna med at elevane får med seg gjennom ei slik løype?
Utstyr
Område med lav- og moseflora, laminerte infoark med bilete, papir- og digitalt herbarium.

