Mitt naturfagsrom

Ulike skularMitt naturfagsrom
Lengde: 9.01 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

 

Denne filmen syner fem ulike døme på korleis skular har lagt til rette fysiske rom for naturfagsundervisning. Ein naturfagslærar på kvar skule presenterer skulen sitt naturfagsrom og fortel kort om kva slags utstyr dei har tilgjengeleg.

Ammerud skole i Oslo
Ny barneskule med eit eige forskarrom, det vil seia eit rom spesialbygd for naturfagsundervisning.

Jessheim skole og ressurssenter i Ullensaker
Barneskule der det ikkje er eige naturfagsrom og naturfagsundervisninga må leggjast til rette ut frå dei føresetnadane som er.

Åsgård skole i Ås
Barneskule som har gjort om eit vanleg klasserom til eit oppdatert naturfagsrom med mykje nyttig utstyr.

Bispehaugen skole i Trondheim
Skulen satsar på teknologi og design. Difor har dei innreidd eit eige rom til dette formålet der det også er spesialutstyr som til dømes plastknekkar.

Dragsten oppvekstsenter i Selbu
Fådelt skule som saman med to andre naboskular har restaurert ei gamal seter til å verta base for uteskuleaktivitetar.

Utstyr
På Nysgjerrigper.no er det seks spennande undringsrom
Forslag til utstyr på naturfagrom

skoleipraksis drives av WordPress

Creative Commons License

Dette verk er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge lisens.