Måne og sol

1.–2. trinnMåne og sol
Lærar: Ingvill Krogstad Svanes
Eiksmarka skole, Bærum
Lengde: 13.32 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

Målet med dette undervisningsopplegget er at elevane gjennom praktiske øvingar skal sjå korleis månen og jorda flyttar seg i forhold til kvarandre. Elevane skal få kjennskap til omgrep som fullmåne, halvmåne og nymåne. Dei praktiske øvingane må gå føre seg i eit mørkt rom.

Eit år
Ein elev vert vald ut til å vera sola, ein annan jorda og ein tredje elev månen. Først går «jord»-eleven i ein stor sirkel rundt «sol»-eleven. Kor lang tid brukar jorda på å gå rundt sola?

Eit døgn
Deretter går «jord»-eleven rundt og rundt seg sjølv. Kor lang tid brukar jorda på ei slik omdreiing? Kva retning roterer jorda?

Ein månad
Elevane får spørsmålet: Kva gjer månen? Står han stille, eller går også han i bane? «Måne»-eleven går rundt jorda. Kor lang tid brukar månen på å gå rundt jorda?

Månefasane
«Måne»-eleven går rundt «jorda» med ein kvit ball (= månen) heva over hovudet. Same side av ballen må alltid peike mot sola. «Sol»-eleven får i oppgåve å lyse på ballen med ei sterk lommelykt. Kva del av månen er lys? Kva del er mørk? Er ein del av månen alltid mørk? Når kan vi sjå mykje av månen, og når ser vi lite?

Baksida av månen
Forsøket ovanfor syner òg at éi side av månen aldri er synleg frå jorda. I filmen får elevane sjå fotografi av månen si bakside. Dette tykkjer elevane er spennande.

Spørsmål til diskusjon
Korleis kan praktiske øvingar som desse vera til hjelp for å forstå vanskelege omgrep? På kva måte ville du gjennomført «måne-og-sol»-forsøka? Korleis får elevane synleggjort forkunnskapen sin i dette opplegget?

Utstyr
Sterk lommelykt, kvit ball (månen), plakatar, mørkt rom, kvit ball, lyskanon.

Bileta av månen si bakside er tekne av NASA og er lett tilgjengelege på Internett.

skoleipraksis drives av WordPress

Creative Commons License

Dette verk er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge lisens.