Langs Gamlevegen

1.–4. trinnLangs Gamlevegen
Lærar: Anne-Lise Arneberg
Tokke skule, Tokke
Lengde: 11.24 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

Langs Gamlevegen er eit undervisningsopplegg som handlar om å ta i bruk nærmiljøet i naturfagundervisninga og om å skape naturglede hjå dei yngste borna.

Dei siste åra har elevar på 1.–4. trinn jamleg rydda den gamle ferdslevegen gjennom Skafså i Telemark. På denne måten er elevane med på å halda i hevd viktig kulturhistorie i bygda.

Gamlevegen går gjennom eit skogsområde med eit rikt dyreliv. Som ein del av ryddeprosjektet er det òg sett ut informasjonsplakatar mellom anna ved eit revehi og ved ein beverdam.

Slik kan ferdslevegen også vera ein natursti som utfordrar nyfikne elevar både til undring og til å lære meir om nærområdet sitt. I filmen følgjer vi elevar som skal rydda sti, men som samstundes får med seg mange spennande opplevingar ute i naturen.

Spørsmål til diskusjon
Korleis blir det stimulert til undring og fagleg læring i dette opplegget?
Kva kan elevane lære gjennom ein slik natursti?
Kva må du førebu om du skal ta med deg elevar på natursti?
Kva ville du eventuelt gjort annleis? Kvifor?

Utstyr
Informasjonsplakatar frå Det norske Skogselskap

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens