Trekk fire kort

trekkfirekortLærar: Helge Helgesen
Nærbø skole, Nærbø
Lengde: 18.28 min
Høgreklikk og last ned film

Denne filmen syner eit undervisningsopplegg om talforståing. Læringsmålet for økta er at elevane skal sjå samanhengar mellom tal og ulike reknemåtar og kunne bruke denne kunnskapen aktivt når dei arbeider med aktiviteten «Trekk fire kort».

Økta byrjar med at læraren har ein dialog med klassen og oppsummerer kva ulike typar tal som finst. Neste steg er å sjå på korleis tal heng saman. Det konkrete eksempelet er samanhengen mellom kvadrattal og oddetal. Læraren illustrerer dette ved å leggje plastbrikker på ein overhead-prosjektør og visualiserer samanhengen mellom dei fire første oddetala (1, 3, 5, 7) og dei første kvadrattala (1, 4, 9, 16).

I forlenging av denne introduksjonen, arbeider elevane med to oppgåveark. I det første arket om kvadrattal og oddetal gjer elevane enkle rekneoppgåver, og ønsket er at elevane skal prøve å kome fram til den generelle regelen om at summen av dei n første oddetala alltid vert n².

Det andre arket er repetisjon av rekning med potensar og kvadratrot. Elevane får her prøve seg på oppgåver med rotrekning og kubikkrøter (tredjerot, fjerderot og femterot). Intensjonen er at elevane skulle utfordrast litt og kanskje sjå mønsteret med rekning av kubikkrøter.

Introduksjonsdelen med repetisjon av tal og rekneartar leier fram til «Trekk fire kort»-aktiviteten, eit kort- og reknespel der elevane ved hjelp av fire kort (= 4 tal) skal lage reknestykke som dekkjer tala frå 1–40. For at alle elevane skal få med seg oppgåva, så demonstrerer læraren først ein gong og viser reknestykke for tala opp til 10.

Reglar «Trekk fire kort»
- Trekk fire kort (kortstokk med alle korta frå 1–9, ess = 1)
- Ved hjelp av desse fire korta skal de lage reknestykke med svar frå 1–40
- Kvart kort kan berre brukast ein gong i kvart reknestykke
- De kan bruke dei fire rekneartane, potensrekning, rotutdraging og parentesar

Døme med korta 4 – 6 – 7 – 9:

1 = 7 – 6
2 = √4
3 = √9
3 = √9
5= 9 – 4
6 = 6
7 = 7
8 = 6 + √4
9 = 9
10= 6 + 4

Etter demonstrasjonen av dei ti første tala, får elevane utlevert eit ark der dei sjølve i par skal prøve å finne reknestykke til dei resterande tala frå 11–40. Med dette reknespelet får elevane øving i talforståing ved å kombinere ulike rekneartar og sjå samanhengar mellom naturlege tal og rekneartar. Då elevane er ferdige, ber læraren dei om å kome opp på tavla og fylle inn reknestykka sine. Klarar klassen til saman å dekkje alle tala til 40? Svaret er ja.

Klassen trekkjer fire nye kort og gjer reknespelet ein gong til.Dette reknespelet kan varierast på fleire måtar. Ein kan stoppe ved 30 eller 50, ein kan bruke fem kort i staden for fire kort eller ein kan velje ut kort som gjer det enklare å rekne med potensar eller kvadratrøter. Ein kan også velje å ta med fakultetsrekning. Dersom dei fire korta då har ein bestemt kombinasjon, er det faktisk mogleg å finne reknestykke med svar for alle tala frå 1–100 med berre fire kort.

Spørsmål til diskusjon
Korleis ville du sjølv lagt opp ei økt med reknespelet «Trekk fire kort»?
Kva andre rekneaktivitetar eller leikar kan ein bruke for å øve opp talforståing og bruk av rekneartane?

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens