Ringkast

1.-2. trinnRingkast
Lærer: Rakel Jøntvedt
Solås skole, Gjesdal
Lengde: 1.12 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

Ringkast er ein variant av ringspel. Pinnane vert merka med dei tala læraren ønskjer at elevane skal arbeida med, til dømes tala frå 1 til 10. Eit anna mål er å øva på addisjon. Elevane kan anten spela individuelt, i par eller i lag.

Elevane kastar etter tur, og resultatet vert summert med kryss eller tal, avhengig av kor gamle elevane er. Dei kan notera på eigne ark eller eit fellesark. Som oftast vil det vera best om dei noterer på kvart sitt ark, sidan det er i noteringa at den viktigaste matematikklæringa vil finna stad. Resultatskjemaet kan eventuelt brukast som talbase for vidare rekning.

Ringkast er moro og sjølvmotiverande. Elevane opplever difor spelet som meiningsfullt, og det er lett å tilpassa aktiviteten til elevane sitt nivå.

Det er særleg viktig at elevane lærer kombinasjonar med 1, 2, 5 og 10, så desse tala kan då trenast spesielt med dei yngste. Dei yngste barna kan også ha vanskar med å summera resultata. Ei hjelp her kan vera at det er berre ein tiarpinne, og at treff på resten av pinnane gir eitt poeng. Dette gjer at elevar alt frå slutten av første halvår i 2.trinn kan finna total poengsum.

Spørsmål til diskusjon
Korleis kan Ringkast brukast på 3. og 4.trinn?

Læremateriell
Ringspel kjøpt på leiketøysbutikk og merkelappar med tal eller regnestykke.

Kontaktinfo
Solås skole, Åfaret 4, 4330 Ålgård, Tlf: 51 61 15 30

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens