Regneverkstad
3.-4. trinn
Lærer: Janne Fauskanger, universitetslektor, Universitetet i Stavanger
Lura skole, Sandnes
Lengde: 7.44 min
Last ned: film / infoark
Rekneverkstad er eit undervisningsopplegg som tek sikte på å trena addisjon og subtraksjon på ein inspirerande måte. Målet er at elevane skal automatisera addisjons- og subtraksjonstabellen.
Undervisningsopplegget er organisert etter stasjonsprinsippet og gjev gode høve for individuell tilpassing. Somme av oppgåvene er mest som spel å rekna, og gjev elevane høve til både problemløysing og drill av addisjon og subtraksjon.
10-12 min er passe tid å bruka på kvar post. Første gongen elevane gjennomfører opplegget tek det kanskje litt lengre tid. Det er lurt å ha like lang tid på kvar post og bruka ringeklokke for å markera skifte.
Post 1:
Den tause posten. Elevane skriv reknestykke og svar på ryggen til kvarandre. Oppgåvene finst i tre ulike boksar med ulik vanskegrad.
Post 2:
Trill to eller fleire terningar og finn differansen. Her er det viktig å ha tilgjengeleg ulike terningar; tisidige, tolvsidige m.fl.
Post 3:
Gjett kva terningane viser. Den eine seier summen av to eller fleire terningar. Den andre gjettar talauge på terningane.
Post 4:
Svaret er? Skriv ned addisjons- og subtraksjonsstykke som passar med svaret. Svaret finst i tre ulike boksar med ulik vanskegrad.
Post 5:
Først til 50. Differansen på terningane avgjer kor langt du kan flytta knappen.
Fullstendig oppgåvetekst til dei ulike stasjonane.
Spørsmål til diskusjon
Kva fordelar kan oppgåvetypane og organiseringa i Rekneverkstad ha?
På kva andre områder i matematikk kan organiseringa og tankegangen bak Rekneverkstad vera nyttig?
Læremateriell
Terningar, linjal, knappar. Oppgåvekort med ulik vanskegrad. Tallinje frå 0 til 100.
Kontaktinfo
Lura skole, Lerkeveien 9, 4314 Sandnes, Tlf: 51 67 75 37

