Posisjonssystemet
3.-4. trinn
Lærer: Marta Vassbø
Lura skole, Sandnes
Lengde: 11.14 min
Last ned: film / infoark
I dette undervisningsopplegget får elevane øving i posisjonssystemet på ulike vis. Konkretar, visualisering, systematikk og forteljing er verkemiddel som skal auke elevane sin kunnskap om plassverdiane. Elevane får dessutan mykje telletrening, og dei får øving i addisjon med tosifra tal.
Første del av undervisningsopplegget er telletrening med korkar. Midt på golvet i klasserommet ligg ein stor haug med korkar som skal fordelast i tiar- og hundrarboksar, og kanskje får alle plass i tusenøskja? Elevane må tella på ulike måtar, og får øving i å tella både ein og ein kork og to og to.
Tala frå korketellinga skal så skrivast inn i sifferhuset. Det er eit hus med rom for einarar, tiarar og hundrarar. Sifferhuset finst òg i ei utgåve med tre etasjar. Då er det plass for addisjon og subtraksjon. Summen vert plassert i kjellaren på sifferhuset. På denne måten får elevane erfaring med algoritme gjennom rekneforteljingar.
Mattis er ei dokke som elevane har kjent sidan første klasse. Han har vore med elevane heilt sidan første klasse. Matematikk er litt vanskeleg, tykkjer Mattis. «Koffor blir det sånn?», undrast Mattis. Og elevane er ivrige til å svara. Såleis får dei verdifull trening i å forklara strategiane sine, forklaringar som også kan vera verdifulle for medelevane. Knepet med å bruka Mattis gjev rom for spennande samtalar med elevane og dempar vonleg prestasjonspresset enkelte kan oppleva i matematikktimane.
Opplegget kan òg prøvast ut på 2. trinn. Første del av opplegget har Vassbø brukt fleire gonger på 1. trinn.
Spørsmål til diskusjon
Kva hjelpemiddel kan vera nyttige å ta i bruk for å læra posisjonssystemet?
På kva måtar kan ei undredokke som Mattis vera til hjelp i matematikkundervisninga?
Læremateriell
Korkar, pappøskje, plansjar, dokke.
Kontaktinfo
Lura skole, Lerkeveien 9, 4314 Sandnes, Tlf: 51 67 75 37

