Matematikkfaget i endring
Diskusjonsinnspill
Lengde: 4.56 min
Last ned: film / infoark
Matematikkfaget har vore eit statusfag med vekt på pugg og drill – eit hate- eller elskefag. Tradisjonelt har det tidleg vorte lagt opp til høgt abstraksjonsnivå. Undervisninga har vore dominert av talsymbol og reknestykke utan særleg relevans til eleven sin kvardag.
No meiner mange at dette har endra seg og at lærarar i dag må legga opp undervisninga heilt annleis enn for berre få år sidan. Innføringa av ny læreplan (L06) vil truleg forsterka dette inntrykket. L06 overlet i større grad enn L97 metodeval og arbeidsmåtar til læraren. I dette ligg det både føremoner og utfordringar.
Spørsmål til diskusjon
På kva måtar har matematikkfaget endra seg dei siste åra?
Har matematikkfaget endra seg til det betre eller det verre?
Korleis er matematikkundervisninga i dag annleis enn for nokre år sidan?
Korleis vil L06 endra arbeidet med matematikk i skulen?

