«Kvadratisk meter»

3.-4. trinn"Kvadratisk meter"
Lærer: Hanne Hansson
Borkedalen skole, Lillesand
Lengde: 11.22 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

I Kvadratisk meter gjer elevane konkrete erfaringar med måling av flate. Denne røynsla kan vera veleigna når dei seinare skal finna areal. I forkant av dette undervisningsopplegget hadde elevane arbeidd mykje med innlæring av omgrep, særleg symbola for lengde-, rom- og flatemål.

Filmtittelen speglar på at elevane handgripeleg får sjå og kjenne kor stor ein kvadratmeter faktisk er. Ein kvadratmeter vert klypt ut i papir og etter kvart nytta som måleverktøy. Først gjettar elevane kor mange kvadratmeter dei trur klasserommet er, så vert rommet tømt for møblar, og elevane måler heilt nøyaktig ved å dekka heile golvflata med papirfirkantar à 1 m2. På denne måten får elevane synleggjort kva areal og kvadratmeter er. Eit alternativ er å gjere dette i ein gang eller med ei flate ute, til dømes ein del av ei handballbane.

Neste steg i undervisningsopplegget er at elevane vurderer arealet av huset heime, og at dei får teikna arealplan av sin eigen draumebustad. I ein fellessamtale etterpå grunngjev elevane vala sine, og det er tydeleg at dei har opplevd undervisningsopplegget som motiverande og klargjerande.

Opplegget som vert synt på filmen, tek om lag tre undervisningstimar.

Spørsmål til diskusjon
Kva kan elevane lære av praktiske undervisningsopplegg som Kvadratisk meter?
På kva måtar kan elevane gjera konkrete og praktiske erfaringar med måling av areal?

Læremateriell
Kvadratmeter utklypt i papir.

Kontaktinfo
Borkedalen skole, Bjørkeveien 12, 4790, Lillesand, Tlf:37 26 70 70

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens