Introduksjon til subtraksjon med konkreter
1.-2. trinn
Lærer: Rakel Jøntvedt
Solås skole, Gjesdal
Lengde: 8.36 min
Last ned: film / infoark
Målet med dette undervisningsopplegget er at elevane skal arbeida praktisk med rekneforteljingar og få ta i bruk erfaringar dei alt har. Elevane får røynsle med subtraksjon på fleire ulike måtar i aktivitet prega av leik. Dessutan skal dei få øving i å bruke språket sitt for å uttrykkja kva dei gjer og tenkjer.
Filmen får fram at elevane lagar rekneforteljingar med utgangspunkt i eige nærmiljø. I tillegg er det mange gode døme på fin kommunikasjon mellom lærar og elevar.
Cuisenairebrikkene vert teke i bruk for å gje elevane ei anna og utvida forståing av subtraksjon. Den nye innfallsvinkelen til subtraksjon gjer at elevane får høve til å prøva seg fram for å nå rett løysing. Mange elevar tyr til omvendt subtraksjon for å greia oppgåvene.
Både oppgåvene med rekneforteljingar og cuisenairebrikker er differensierande i seg sjølv. Dialogen mellom lærar og elevar gjer synleg elevane sine løysingar og at dei får setja ord på den matematikken som dei leikar seg gjennom.
Spørsmål til diskusjon
Kva fordelar og ulemper kan det vera med å bruka konkretar i rekning?
Kva lærer elevane ved å bruka cuisenairebrikker i subtraksjon?
Læremateriell
Multilinkklosser, cuisenaire-overheadsett og cuisenaire-elevsett.
Kontaktinfo
Solås skole, Åfaret 4, 4330 Ålgård, Tlf: 51 61 15 30

