Hoderegning

3.-4. trinnHovudrekning
Lærer: Anne-Britt Hanssen
Presterød skole, Tønsberg
Lengde: 1.25 min
Last ned: film / infoark

 

 

 

Denne filmen syner nokre døme på korleis ein kan trena hovudrekning. Øvingane som vert vist fram, fungerer også som start av matematikktimen.

Lærer Anne-Britt Hanssen meiner slike øvingar i hovudrekning er bra, fordi;

  1. dei aukar elevane sin konsentrasjon
  2. dei aukar reknedugleiken. Ved å rekna i hovudet vert elevane i større grad trygge på kva dei kan. Dessutan frigjer dei seg kanskje meir frå kalkulatoren.
  3. dei aukar den matematiske innsikta. Korleis kan du på ein enkel måte addera til dømes 27 og 25. Korleis er det lurt å rekna?
  4. dei betrar elevane si evne til å rekna overslag. Når elevane seinare byrjar med kalkulator eller kjem borti vanskelege reknestykke der svaret ikkje er opplagt, så kan det vera greit å vera kjapp i hovuderekning.
  5. dei gjer at du lettare oppdagar reknefeil.  Det stemmer ikkje at 51 x 95 = 462, når 50 x 100 = 5000.

Spørsmål til diskusjon
Kvifor bør elevane læra seg hovudrekning?
Kva er veleigna teknikkar for å øva seg i hovudrekning?
På kva for matematiske område kjem hovudrekning til nytte?

Kontaktinfo
Presterød skole, Postboks 34, 3150 Tolvsrød, Tlf: 33 34 84 30

skoleipraksis drives av WordPress

Creative Commons License

Dette verk er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge lisens.