Drageverksted

3.-4. trinnDrageverkstad
Lærer: Doris Nessa Hetland og Anne Marie Bjerke
Solås skole, Gjesdal
Lengde: 7.01 min
Last ned: film / infoark

 

 

Gjennom arbeidet med Drageverkstad skal elevane gjera praktiske erfaringar med spegling. Dei skal òg gjera seg kjende med geometriske former som sirklar, firkantar og mangekantar.

Undervisningsopplegget har fleire føremoner; Å laga drage er ein aktivitet som alle elevar meistrar, og som verkar meiningsfull for dei. Elevane vert motiverte av at aktiviteten endar opp i eit produkt, og at dei får testa dragane sine ut til slutt.

Elevane får samstundes øving i å følgja ein instruksjon. Her er framgangsmåten:

  • Brett arket dobbelt.
  • Brett slik at dragen får vengjer. Brett den eine sida litt på skrå. Snu dragen, og gjer det same på motsett side.
  • Teip på langs.
  • Teip på blomsterpinnen på tvers av heile dragen.
  • Klipp opp strimlar av plastposar som skal stiftast fast bak på dragen som hale.
  • Mål opp fem armlengder med hyssing. Denne skal festast i eit hol som er laga med holmaskin på dragen. Denne hyssingen surrast opp på ein pappbit.
  • Lag mønster av geometriske figurar på den eine siden av dragen. Bruk spegelen og sjå korleis mønsteret blir sjåande ut på den andre sida. Lag eit likt mønster der.

Eit praktisk tips er at det bør vera ein del vaksne tilgjengelege når dragen skal lagast. Det går også an å dela opp drageverkstaden slik at han går over fleire dagar.

Meir om opplegget

Spørsmål til diskusjon
Kva kan elevane lære av slike praktiske aktivitetar som drageverkstad?
Korleis kan dette undervisningsopplegget utvidast?

Læremateriell
A3- ark, brei blank teip (om lag 5 cm), plastposar, hyssing, papp til å snurra hyssingen rundt, spegl og fargar.

Kontaktinfo
Solås skole, Åfaret 4, 4330 Ålgård, Tlf: 51 61 15 30

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens