Det tomme rutenettet
1.-2. trinn
Lærer: Eva Jäger
Bøleråsen skole, Ski
Lengde: 3.29 min
Last ned: film / infoark
Målet med Det tomme rutenettet er å gje barna ein reiskap dei kan bruka når dei multipliserer i talområde større enn det dei vanlegvis meistrar. Rutenettet kan òg nyttast til å kontrollera gangestykket. Bruken av det tomme rutenettet forsterkar kunnskapen om kva multiplikasjon eigentlig er, og dei lærer gradvis multiplikasjonstabellen. Øvinga i å dela opp i einarar og tiarar byggjer dessutan opp under ei tilnærming til standardalgoritmen.
Rutenettet vert innført etter ein periode der barna har teikna reknestykka sine med ballongar, bollar, barn, stjerner osb. Elevane har også lært at multiplikasjon handlar om rekketelling: 3 – 6 – 9 – 12 osv. Dei er også trygge på å laga rekneforteljingar knytt til multiplikasjon. Etter kvart får elevane store reknestykke som er vanskelege å teikna. Barna får då behov for å la teikningane bli meir systematiske.
Då er tida klar for det tomme rutenettet. Etter ei stund med enklare teikningar, får barna sjå korleis dei kan skriva eit reknestykke med ruter: 3 x 4 blir tre ruter vassrett og fire ruter loddrett, eller omvendt. Slik kjem den kommutative lova automatisk inn. Barna kan no tella rutene.

Barna overfører kunnskapane sine frå teikningane og tel også rekker her. Neste steg er å gje dei enno større reknestykke slik at det er lett å komme ut av teljinga. Då lærer elevane at det er mogleg å dela opp rutenettet med talområde som dei alt kan;
15 x 8 kan delast opp til 10 x 8 = 80 og 5 x 8 = 40, eventuelt 15 x 2 + 15 x 2 + 15 x 2 + 15 x 2.
Tavla vert brukt i samband med matematiske samtaler eller oppsummeringar for å vise fram ulike tankemåtar eller strategiar. Elevane treng skrivebok med kvadratiske ruter. Med tida kan barna frigjera seg frå rutene og berre la områder representera tala utan at desse samsvarar med rutene.
Fleire døme på det tomme rutenettet.
Spørsmål til diskusjon
Kva fordelar kan det tomme rutenettet ha i innlæringa av multiplikasjon?
Kva er gode måtar å introdusera multiplikasjon på til elevane?
Korleis er samanhengen mellom standardalgoritmen og denne metoden?
Læremateriell
Rutebok. Ruteark på lysark for å visa løysingar til alle.
Kontaktinfo
Bøleråsen skole, Bølerkollen 2, 1405 Langhus, Tlf: 64 91 82 00

