Fremmedspråk og engelsk i grunnopplæringen
Trailer: fremmedspråk og engelsk
Last ned teksthefte som PDF her
Ressurspakka i praksis: fremmedspråk og engelsk i grunnopplæringen skal inspirere lærarar til å tenkje nytt rundt eigen undervisningspraksis. Målet er at ressurspakka skal vere eit hjelpemiddel til fleksibel internopplæring og kompetanseheving i skulen.
Målgruppa for filmane er framandspråklærarar i grunnopplæringa og lærarstudentar. Filmane skal kunne brukast på fagdagar, i fagseksjonen, til sjølvstudium, i kurs og i lærarutdanninga. Kvar film dokumenterer eit konkret undervisningsopplegg i anten engelsk, fransk, russisk, spansk eller tysk. I dei fleste filmane er det læremetoden og læringsprinsippa som er det viktige. Det gjer at ein film med eit undervisningsopplegg i fransk også vil vere relevant og ha overføringsverdi til undervisninga i eit anna framandspråk.
Undervisningsopplegga er filma på skular i Trondheim, Stavanger, Råde, Lillestrøm, Bærum og Oslo. Samla gjev ressurspakka ulike innfallsvinklar til korleis ein kan undervise i framandspråk på ein variert måte.
Fokus på læraren
Vi har valt å fokusere på læraren og korleis læraren arbeider med elevane og fagstoffet. Å demonstrere grundig lærarhandverk og korleis ein kan leggje til rette for ulike læringsstrategiar, er gjennomgåande i filmane. Ønsket er å syne praktisk metodikk og didaktikk på ein måte som kan ha direkte overføringsverdi til eige klasserom.
Stikkorda er:
- systematisk og variert arbeid med læreplanmål og grunnleggjande ferdigheiter.
- den lærarinitierte prosessen i elevgruppa
- læraren som pedagogisk leiar
- den faglege samtalen med elevane
- gode didaktiske, metodiske og praktiske grep
Alle undervisningsopplegga i ressurspakka er tufta på kompetansemåla i Kunnskapsløftet. Det er ei breidd i ressurspakka både når det gjeld emne og arbeidsmåtar.
Ressurspakka inneheld mellom anna ein film om ein skuledag med engelsk for dei yngste barna, om samarbeid mellom ein skule i Noreg og ein partnarskule i Irland, nettprat på fransk, bruk av Den europeiske språkpermen i spanskundervisninga, om storyline på tysk, leseopplegg i russiskfaget, om samarbeidslæring og dramateknikkar i framandspråkopplæringa.

