Fagskriving på barnesteget
Filmen i praksis: fagskriving på barnesteget dokumenterer eit skriveprosjekt på Dingemoen skule i Fjaler kommune vårsemesteret 2011. Skulen har i lengre tid arbeidd systematisk med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit, og som eit ledd i denne satsinga blei forfattar Erna Osland og dokkespelar Adele Duus inviterte til skulen for å inspirere til fagskriving.
Skriveprosjektet har tre fasar:
- Førearbeid: Elevane les fagboka ”Sov søtt, Herr Spiss” av Erna Osland der ein får vite korleis ulike dyr søv.
- Inspirasjons- og skrivedag: Denne dagen byrjar med at alle elevane ser dokketeaterversjonen av ”Sov søtt, Herr Spiss”. Etterpå har elevane på 5.–6. trinn skrivedag med Erna Osland medan elevane på 3. –4. trinn har drama- og skrivedag med Adele Duus.
- Etterarbeid med skriving og laging av ei felles praktbok. Utforminga av boka skjer i samarbeid med kunstnarar frå Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen.
Det er laga tre filmar som viser prosessen og produktet i prosjektet:

Erna Osland og 5.–6. trinn (16.53 minutt)
I denne filmen følgjer vi Erna Osland og skrivedagen med elevane på 5.–6. trinn og deretter prosessen vidare til ferdig tekst og bok. Sentralt i opplegget står det å gjere undersøkingar og å skrive fagtekst på
bakgrunn av undersøkinga.
Adele Duus og 3. –4. trinn (13.12 minutt)
Denne filmen byrjar med å vise leseførearbeidet som elevane gjorde før møtet med Adele Duus. Vi får sjå eit utdrag av dokketeateret om ”Sov søtt, Herr Spiss”, og vi ser døme på korleis dramaøvingar kan vere ein
inngang til fagskriving. Også her følgjer vi skriveprosessen fram til ferdig produkt.
Fagskriving på barnesteget (28.03 minutt)
Her er dei to filmane med 5. –6. trinn og 3.–4. trinn klypt saman til ein samla fullversjon av prosjektet.
Spørsmål til diskusjon
Kva kjenneteiknar ei god fagskriveoppgåve for barn?
Korleis kan elevane øvast opp til å bli gode fagskrivarar?
På kva måte kan drama eller andre kreative aktivitetar inspirere til fagskriving?

