Om i praksis

Skole i praksis er ein serie filmbaserte ressurspakker med gode undervisningseksempel. Hovudmålgruppa for i praksis-seriane er lærarar, skuleleiarar og lærarutdanningane. Ressurspakkene skal inspirere til å sjå større moglegheiter i faga og til å tenkje nytt rundt eigen undervisningspraksis. Filmane er også veleigna som ein opnar til faglege diskusjonar på fellesmøtet, i fagseksjonen, i lærarteamet, på kurs og foreldremøter – eller til sjølvstudium.

Konseptet Skole i praksis blei utvikla av Snöball Film saman med Bro Kompetanseutvikling i 2002. Utgangspunktet for konseptet var eit ønske om å få fram fleire positive bilete av den norske skulen i kontrast til den elendeskildringa som tidvis får dominere i media. Det skjer mykje bra rundt ikring i klasseromma som det er verdt å lyfte fram!

Den første serien, i praksis: matematikk på 1.–4. trinn, blei lansert av dåverande utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet hausten 2005. Etter det har Snöball Film utvikla og produsert ti andre i praksis-seriar i samarbeid med mellom anna Matematikksenteret, Naturfagsenteret, Nynorsksenteret, Fremmedspråksenteret, Skrivesenteret, Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG).

Fritt tilgjengeleg

Alle i praksis-seriane er fritt tilgjengelege for skulane. Alle filmane med tilhøyrande tekstar og forslag til diskusjonsspørsmål, ligg på heimesida www.skoleipraksis.no. Somme av seriane er også produsert som fysiske filmpakker med DVD og teksthefte. Desse seriane er sendt gratis ut til skulane som filmpakker:

  • matematikk på 1.-4. trinn –  sendt ut hausten 2005 til alle barneskular
  • naturfag på 1.-7. trinn – sendt ut vinteren 2007
  • nynorsk som sidemål i grunnskulen – sendt ut hausten 2008 til alle skular med ungdomstrinn
  • fremmedspråk og engelsk i grunnopplæringen – sendt ut hausten 2009 til alle ungdomsskular og vidaregåande skular
  • flerkulturell opplæring – dvd sendt ut våren 2010 til alle skular som vedlegg til rapporten Veien videre. Sluttrapport. Likeverdig opplæring i praksis. Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring.
  • matematikk i videregående skule – dvd sendt ut hausten 2010 til alle vidaregåande skular som vedlegg til ressursheftet Undersøkende matematikkundervisning i videregående skole. Matematikksenteret.

 

Læreplanbasert

Alle undervisningsopplegga i ressurspakkene er tufta på kompetansemål i Kunnskapsløftet. Det gjev ei stor breidd i ressurspakkene både når det gjeld emne og arbeidsmåtar og gjer filmane relevante for bruk i skulen.

Fokus på læraren

I brorparten av i praksis-seriane har me valt å fokusere på læraren og korleis læraren arbeider med elevane og fagstoffet. Å demonstrere grundig lærarhandverk og korleis ein kan leggje til rette for ulike læringsstrategiar, er gjennomgåande i filmane. Ønsket er å syne praktisk metodikk og didaktikk på ein måte som kan ha direkte overføringsverdi til eige klasserom.

Stikkorda er:

  • systematisk og variert arbeid med læreplanmål og grunnleggjande ferdigheiter.
  • den lærarinitierte prosessen i elevgruppa
  • læraren som pedagogisk leiar
  • den faglege samtalen med elevane
  • gode didaktiske, metodiske og praktiske grep

i praksis i tal 2004–2010

Filmteama frå Snöball Film har farta land og strand for å få dei beste i praksis-opptaka. Her er nøkkeltal for i praksis-seriane:

  • 11 i praksis-seriar
  • 187 filmar totalt
  • 150 lærarar har vore med i filmane
  • 80 skular
  • 37 kommunar
  • 14 fylke

Å arbeide med Skole i praksis er ei stor glede for Snöball Film. Skulane har teke godt imot oss overalt, og lærarar og skuleleiarar har vore eineståane når det gjeld å stille opp for filmteama som har kome på vitjing i ein travel skulekvardag. Mange takk til alle dei skulane, lærarane, rektorane og ressurspersonar som har delteke i i praksis-seriane.

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens