IKT – Vi skriv saman
8.–10. trinn
Lærar: Elin Hardeland
Brannfjell skole, Oslo
Lengd: 17.28 min
Last ned: film / infoark
Vennskapsklassar, IKT og prosesskriving er nøkkelord i dette skriveprosjektet der elevane i 8F ved Brannfjell skole i Oslo samarbeider med 8. trinn ved Enge skule i Etne i Hordaland. Målet er at elevane skal verte betre til å skrive nynorsk ved å ha jamaldrande elevar som målgruppe for tekstane dei skriv. Eit anna viktig mål er at elevane ved Brannfjell skole skal oppleve nynorsk som eit levande bruksspråk ved å samarbeide med elevar med nynorsk som opplæringsmål.
Eit elevpar frå Oslo er kopla med eit elevpar frå Etne. Kvart par skal skrive ei skildring og får respons både skriftleg og munnleg av det andre paret. Den skriftlege responsen vert delt gjennom læringsplattforma Fronter, og den munnlege responsen skjer ved hjelp av webkamera og det gratis kommunikasjonsprogrammet Skype.
På førehand har lærarane for dei to elevgruppene avtala korleis skrivesamarbeidet skal skje, og kva skriveoppgåva skal vere. Elevane skal skrive ei forteljing med utgangspunkt i digitale stillbilete. Fyrst skal para ved båe skulane ta eit bilete av ein stad i nærområdet der det kan skje noko skummelt eller spennande. Det er eit krav at det ikkje skal vere med menneske på bileta.
Stillbiletet vert lagra i fellesrommet elevane deler på Fronter. Elevpara ved Brannfjell skole skriv si forteljing ut frå biletet som paret i Etne har teke, og motsett. Med utgangspunkt i biletet skriv elevane innleiinga til ei forteljing og skildrar staden på biletet. Dei ulike sansane er det viktig å få med i skildringa. Kva høyrer, ser, luktar og kjenner de på staden?
Den fyrste responsrunden tek føre seg berre denne innleiinga. Kvart elevpar fyller ut eit responsskjema og lagrar det på Fronter slik at det andre paret kan lese responsen. I tillegg møtest para på Skype og gjev kvarandre utfyllande munnleg respons. Når dette er gjennomført, kan elevane skrive fyrsteutkastet til den ferdige forteljinga.
Elevane gjer akkurat det same med den ferdige forteljinga som med innleiinga. Dei fyller ut eit eige responsskjema, lagrar det på Fronter og snakkar saman om teksten via webkamera. Etterpå er elevane klare til å skrive det endelege utkastet til forteljingane sine. Når den siste finpussen på teksten er unnagjord, er det tid for presentasjon. Kvart par les stolte opp teksten, og bak dei vert stillbiletet vist på storskjerm.
Som ei avrunding på skriveprosjektet summerer elevane i fellesskap opp røynslene sine. Kva var bra med skriveprosjektet? Kva kunne vore betre? Og kva tykkjer elevane at dei har lært? Blei dei betre i nynorsk? Har dei lyst til å vitje vennskapsklassen sin?
Spørsmål til diskusjon
Kva var bra med dette skriveprosjektet?
Kva trur du elevane lærte av dette skrivesamarbeidet?
Korleis ville du ha organisert responsen i eit liknande skriveprosjekt?
Korleis kan ein skaffe seg ein nynorsk vennskapsklasse eller vennskapsskule?
Les meir
Nynorskopplæring nr. 1-2007, Nynorsksenteret
Nettside om skriveprosjektet

