IKT – Livet i fjæra

5.–7. trinnLivet i fjæra
Lærar: Gro Wollebæk
Vevelstadåsen skole, Ski
Lengde: 21.02 min
Last ned: film / infoark

Målet med undervisningsopplegget er at elevane skal planleggja og gjennomføra ei undersøking i eit naturområde; livet i fjæra. Livet i fjæra er eit todelt undervisningsopplegg. Om våren gjennomfører elevane eit lengre forarbeid på skulen der dei lagar lærebøker om livet i fjæra. Andre del av opplegget er ein ekskursjon til ei strand ved fjorden i slutten av mai.

Del 1 – Forarbeid (tre veker)

  1. Kartlegging av forkunnskapen til elevane. Kva veit elevane på førehand om kva for dyr og plantar som lever i fjæra? Kva kjenneteiknar fjæra som biotop?
  2. I første del lagar elevane kvar si lærebok om livet i fjæra. I boka skal elevane teikna og skriva om ein fugl, ein fisk, ein tangart, eit skjell og plantar/dyr/fiskar som elevane vel sjølve. Lærar gjev førelesingar om nokre vanlege artar som til dømes torsk og sei, svartbak og gråmåke, grisetang og blæretang, strandsnigel og kamskjell, krabbe og hummar. Elevane bruker Internett og faktabøker for å finna tilleggsinformasjon. Alle arbeida som skal inn i livet-i-fjæra-boka, må godkjennast av lærar. Arka vert bunde inn i ein limperm, og elevane får eit flott produkt å visa fram heime.
  3. Elevane avsluttar del 1 med å laga ein stor veggplansje som syner ein bryggekant og det som er under vassflata. På denne plansjen plasserer elevane kvar si teikning. Då er det viktig at proporsjonane på teikningane stemmer med storleiken på brygga.

Del 2 – Ekskursjon til stranda

  1. Lærar har gjort klart utstyret. Kvar gruppe tek med seg sitt utstyr.
  2. Kort introduksjon nede på stranda. Kvar kan elevane leita for å finna insekt, småkryp og plantar? Korleis kan oppslagsverk vera til nytte? Dersom elevane skal ut i vatnet, bør dei bruka redningsvest.
  3. Elevane arbeider i grupper og undersøkjer livet i fjæra. Gruppene må bruka oppslagsbøker når dei er usikre på kva art dei har funne. Alle funn skal noterast i arbeidsboka.
  4. Kvar gruppe syner fram og fortel om artane dei har funne.
  5. Oppsummering: Kva har elevane oppdaga eller lært som dei ikkje visste frå før?
  6. Etterarbeid der elevane fyller inn fleire sider i læreboka dei sjølve har laga.

Spørsmål til diskusjon
Kva tykte du var bra ved dette undervisningsopplegget?
Kva ville du gjort annleis?
Korleis bør for- og etterarbeidet leggjast opp for at ein ekskursjon skal bli best mogleg?

Utstyr
Håv, florabøker, iskremboksar, luper, spadar, plastakvarium, redningsvestar.

Les meir:
miljolare.no/tema/naturomrader

skoleipraksis.no utvikles av Snöball Film med WordPress.

Kontakt oss: info@snoball.no

Creative Commons-lisens