Digital kompetanse i grunnopplæringa
Ressurspakka i praksis: digital kompetanse i grunnopplæringa skal inspirere lærarar til å tenkje nytt rundt eigen undervisningspraksis. Målet er at ressurspakka skal vere eit hjelpemiddel til fleksibel internopplæring og kompetanseheving i skulen.
Målgruppa for filmane er lærarar i grunnopplæringa og lærarstudentar. Filmane skal kunne brukast på fagdagar, i fagseksjonen, til sjølvstudium, i kurs og i lærarutdanninga. Det er døme på undervisningsopplegg frå engelsk, framandspråk, matematikk, norsk og naturfag. Kvar film dokumenterer bruk av digitale verktøy i eit konkret undervisningsopplegg.
Nokre av dei digitale verktøya er spesielt eigna for undervisninga i eitt bestemt fag, men fleire av verktøya vil kunne brukast i andre fag enn det vi ser i denne ressurspakka. Dei digitale verktøya har såleis eit vidt bruksområde på tvers av fag.
Undervisningsopplegga i denne ressurspakka er filma på Nærsnes, Ski, Råde, Trondheim, Oslo og Kristiansand. Samla gjev ressurspakka ulike innfallsvinklar til korleis elevane kan bruke digitale verktøy i skulen på ein gagnleg og variert måte.

